Pepparkakeby opning

Pepperkakelandsby2 - Klikk for stort bilete Unni Bergdal

 

I dag 05.12.17 var det høgtideleg opning av året sin utgåve av pepperkakelandsbyen ved Hareid sjukeheim. Dei som har gjeve sine bidrag er Brandal skule, Hareid skule, Bigset skule, Hjørungavåg skule og Hareid ungdomsskule. 

Einingsleiar ved kjøkenet, Ann Cecilie Garnes Utgård ønska velkomen til både born og lærarar frå Hareid og Bigset skule, og bebuarar ved «heimen». Ettersom dette er tredje året med landsby, meinte ho at det heilt klart var i ferd med å bli ein tradisjon.
Det var hengt opp raudt band som vart klipt over av elevar frå Bigset skule. Etterpå opptrådte elevar frå begge skulane med nydelig julesong. Og som ein bebuar ved sjukeheimen og gamal korsongar sa: «Det er håp for framtida».
Etter songen hadde både born og tilhøyrarar gjort seg fortent til pepperkaker, gløgg og saft. Det var tydeleg at både elevar, dei eldre og tilsette syntes dette var ei kjekk stund.

Fotograf: Unni Bergdal Fotograf: Unni Bergdal Fotograf: Unni Bergdal Fotograf: Unni Bergdal Fotograf: Unni Bergdal Fotograf: Unni Bergdal

I løpet av ei veke har Hareid sjukeheim arrangert både julefest og pepperkakelandsby-opning. Det er nok mange bebuarar og tilsette som no er i ferd med å kome i riktig god julestemning!

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 05.12.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering