Pressemelding - bålbrenning i perioden 15. april til 15. september

logo Hareid og Ulstein brannvesen (Hareid og Ulstein brannvesen) - Klikk for stort bilete

 

I periodar med tørt vêr er det generelt fare for gras-, lyng- og skogbrannar. Våren er ”høgsesong” i så måte, og på Hareidlandet er det diverre årlege utmarksbrannar. Desse kan få store negative følgjer både for folk, dyr, bygningar, skog og anna.

Utmarksbrannar

Mange av utmarksbrannane oppstår på våren og tidleg på sommaren, og berre etter ein kort tørkeperiode vert det fare for skogbrann. Gammalt lauv og plantar, graset frå i fjor, småkvist og lyng tørkar fort opp, og er lett å antenne i periodar med lite nedbør. Hareid og Ulstein vil minne om at det har tidligare i år vore gras- og lyngbrannar på Hareidlandet.

Alle pliktar å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.

Det er forbod mot å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.

I perioden frå 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Det er viktig at folk følgjer dette påbodet. Elden kan spreie seg raskt, og kombinasjon av vind og topografi med tørre vekstar kan medføre at situasjonen kjem heilt ut av kontroll. Brannsjefen kan etter søknad gi løyve til bålbrenning ved spesielle tilhøve. Søppelbål og bål med ureine materialar er uansett ulovleg. Kommunane kan ikkje gi dispensasjon frå dette kravet. 

Dersom brannfaren er spesielt stor utover tidsrommet nemnt over, kan kommunen innføre forbod mot å gjere opp eld eller behandle brannfarlige gjenstandar utandørs i bestemte områder. Forbodet kan vedtakast som forskrift utan forhandsvarsling og kunngjering etter forvaltningsloven § 37 andre ledd og § 38 første ledd bokstav c). Kommunen skal syte for å gjøre forbodet alminnelig kjent på stader det gjeldar.


Forbod om brenning i tettbygd strøk i Ulstein og Hareid kommune


Forbodet er skildra i “Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar”, som er vedteke i Ulstein kommunestyre 16.06.2016 (siste reviderte utgåve) og Hareid kommunestyre 31.05.2012.

I forskrifta til Ulstein kommune er det definerte forbodsoner. Desse sonene kan kvar enkelt finne på heimesida til Ulstein kommune. Bruk søkjarfeltet og skriv inn «forbodsone». Då får dykk tre val: «Forbodsone Eiksund», «Forbodsone Ulstein – Garsholhaugen» og «Forbodsone Haddal».
Med tettbygd strøk i Hareid kommune meinast areala: Hareid sentrum(indre,ytre), Geilane byggefelt, Bigset byggefelt, Brandal og frå Overå  til Hjørungavåg.
Dersom nokon likevel ønskjer å brenne i forbodsonene kan søknad sendast til brannsjefen. Søknadsskjema kan de finne på heimesida til Ulstein og Hareid kommune.
Ulstein og Hareid brannvesen har allereie observert ulovlege bål denne vinteren og våren, og har teke kontakt med fleire av dei bålansvarlege.

Eit anna moment ved bålbrenning er at mange får sterkt helserelaterte plager av røyken. Brannverna oppmodar difor folk til å vise omsyn og ikkje brenne hageavfall, men køyre dette til hageavfallsplassen i Saunesmarka.

Meir informasjon om bålbrenning.

Fyrstemann til skogbrann


Dette kan du gjere om du som fyrstemann kjem til ein skogbrann.
(henta frå www.dsb.no):
 
1. Varsle brannvesenet på naudnummer 110 om brannen. Fortel kven du er, gi beskjed om korleis du kan verte kontakta. Tydelig stadskildring er viktig å gi, og møt gjerne brannvesenet for å vise vei fram til brannstaden
2. Start sløkkingsarbeidet med tilgjengelege ressursar. Brekk eller hogg et lite lauvtre på cirka to meter og fjern kvister nedanfrå til du sitter igjen med en dusk i toppen. Dette er et særskilt effektivt reiskap om den nyttast som en feiekost på brennande organisk materiale. Børst/fei flammene tilbake i brannområdet. Ikkje slå, det har dårligare effekt og kan til og med gjøre vondt verre. Hagekanner og bøtter kan gjøre god nytte om vatn er tilgjengeleg. Du kan også bruke sand eller tepper for å forsøke å kvele flammene
3. Bevar fatninga og fordel tilgjengelege ressursar på kvar side av elden sine flankar. Treng eld ned som mot botn av en trekant til den er sløkt
4. Sørg for tilstrekkeleg etterslokking og vakthald. Ved skogbrann kan det brenne i jordsmonn, trestubbar, maurtuer, og anna, og ved litt vind vil elden raskt flamme opp igjen. Ver difor særleg merksam om det er meldt om vind eller vindauke
5. Skogbrannslokking er farleg arbeid. Vis største varsemd og kom deg ut av området før flammene omringar deg. Ta ikkje sjansar!

 

 

Publisert av Johnny Berge. Sist endra 13.04.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering