Pressemelding - Midlertidig flytting av rådhuset

Myravegen 11 - Klikk for stort bilete Illustrasjon

 

Rådhuset vert frå måndag 06.11 og ut året flytta til Myravegen 11, i HG elektro sin gamle lokaler (sjå kartutsnitt). Dette grunna rehabilitering av bygget ved Rådhusplassen 5.

For innbyggjarar vil dette medføre at i veke 45 (6.11-12.11) kan det vere noko vanskelegare å få kontakt med tilsette på kontortelefon og tidvis på e-post. Sentralbordet er ope og vil svare, men det kan då vere utfordrande med å sette over til den du vil snakke med. I veke 46 skal de få kontakt med oss som vanleg, men besøksadressa vert då Myravegen 11.

Hovudinngang for besøkande vil vere der den gule rundingen er på kartutsnittet med parkering rett ved døra.

Bibliotek, tannlege og private utleigarar vil vere å finne i bygget på Rådhusplassen som vanleg.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 02.11.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering