Prosjektering av nytt helsehus

Signering ved ordførarar i Hareid og Ronny Nipen, Rise Bygg - Klikk for stort bileteSignering ved ordførarar i Hareid og Ronny Nipen, Rise Bygg Helga Bøe

I dag signerte ordførarar i Hareid, Anders Riise og dagleg leiar Rise Bygg, Ronny Nipen avtale for prosjektering av nytt helsehus.

Hareid kommune har i dag – etter ein anbodsprosess – skrive kontrakt med Rise Bygg AS om prosjektering og seinare bygging av nytt helsehus for Hareid kommune. Eit spannande prosjekt som er viktig for Hareid kommune og innbyggjarane.

Prosjekteringa startar opp etter ferien og vil gå føre seg fram til årskifte. Byggestart vert då i starten på 2019. Dei tilsette og brukarane vil verte med i planlegginga og får medverknad på sluttproduktet.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 13.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering