Reguleringsforslag - Detaljregulering for Hareidsmyrane Nord 2

Illustrasjon_plankart.png - Klikk for stort bilete

Reguleringsforslag – Detaljregulering for Hareidsmyrane Nord 2 (PlanID 20160006) – 2. gongs offentleg ettersyn (PBL § 12-10 og § 12-11)

Hareid Formannskap har i møte 04.06.2018, sak FSK PS 72/18, handsama forslag til detaljregulering for Hareidsmyrane Nord 2, og vedtok å legge ut reguleringsforslaget til 2. gongs offentleg ettersyn med høyringsfrist på 6 veker.

 

Planforslaget er vist på kart datert 26.10.2017, sist revidert 30.04.2018 med tilhøyrande planomtale og føresegner.

Planforslaget legg til rette for kombinert føremål som opnar for detaljhandel i tillegg til kontor, industri og lager samt endringar knytt til utbygging og tilpassing av infrastruktur i forbindelse med offentlege føremål, idrettsføremål og industri/handelsområde.

Plandokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sine heimesider. (www.hareid.kommune.no).

Merknad til planforslaget kan sendast til Hareid kommune, Myravegen 11, 6060 Hareid eller til postmottak@hareid.kommune.no. Saksreferanse 2016/1601.

Frist for innspel og merknadar er sett til 17. august 2018. Alle innspel må vere skriftlege.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 28.06.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Einingsleiar
984 19 650
@ Silja Øvrelid
Login for redigering