Signatur for gjensidig reservevassforsyning

Signering ved ordførarar i Hareid og Ulstein - Klikk for stort bilete Hareid kommune

I går 04.07.18 signerte ordførarane i Hareid og Ulstein avtale for reservevassforsyning.

Formålet med avtalen er å sikre god reservevassforsyning for begge kommunane og regulere ansvar, plikter og rettar.
Situasjonar med større vedlikehald og akutte ikkje planlagde hendingar som driftsstans og forureining som igjen krev at ein av kommunane treng meir vatn eller vatn frå anna drikkevasskilde skal no kunne handterast på ein god og sikker måte. Samla gir dette ei tryggheit for innbyggjarane og gjer at vi vil få godkjent drikkevassforsyninga hjå Mattilsynet i begge kommunane.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 05.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering