Sommarles er i gang

Sommarles 2018 - Klikk for stort bilete

 

5. juni hadde skulane i Hareid sommarles kick off

Anne og Ann-Kristin på Hareid folkebibliotek hadde med seg ei spennande dame som heiter My Ragnhild Malfang rundt på skulane. Saman fortalde dei om sommarles og ikkje minst fekk dei høyre om mange spennande bøker elevane kan låne på biblioteket og lese i sommar.
Vi håper mange barn i 1.-7. klasse meldar seg på sommarles. Biblioteket delar ut premiar når elevane når ulike level, og i august blir det fest på biblioteket med sjølvaste sommarles Mari på besøk.
Sommarles har eiga nettside du kan melde deg på.
https://sommarles.no/

Bileta er tatt i aulaen på Hareid skule der 5.-7 klasse på Hjørungavåg, Bigset og Hareid skule var samla.
1.-4. klasse fekk besøk på eigne skular.

 

Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018 Sommarles 2018
Publisert av Johnny Berge. Sist endra 07.06.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering