Stadnamnregistreringa i Hareid er no tilgjengeleg for alle

Digitalt stadnamnarkiv - Klikk for stort bilete Illustrasjon

 

Stadnamnregisteret for Hareid kommune er viktig bakteppe for tilrettelegging for praktisk bruk i samfunnet, som på kart, skilt, adresser, register, normering, lokalhistorisk bruk, undervisning.

Bakgrunn for stadnamnregistreringa

I dag har mange lokale stadnamn gått i gløymeboka fordi dei ikkje lenger er i bruk. Ikkje minst dei store endringane i jordbruk, fiske og samferdsel har ført til at namn på mellom anna åkerteigar, fiskeméd og gamle ferdselsvegar forsvinn.
Gamle stadnamn kan vere ein fin innfallsport til å bli kjend med historia og kulturen på heimstaden. Lokal stadnamn gir kulturhistorisk kunnskap om området og er med på å styrke våre kulturelle røter.
Stadnamn er nødvendige språklege uttrykk i den daglege kommunikasjonen mellom menneske. Dei definerer rommet i den nære og fjerne omgivnaden og fungerer som adresser for ulike gjeremål. Samstundes representerer dei viktige kulturminne ved at dei speglar av tidlegare generasjonars arbeidsliv og forståing av naturen på staden der namna har vorte til.
Stadnamnregisteret for Hareid kommune er viktig bakteppe for tilrettelegging for praktisk bruk i samfunnet, som på kart, skilt, adresser, register, normering, lokalhistorisk bruk, undervisning.

Kort historikk

Hareid kommune skreiv avtale om innsamling av stadnamn 17.9.1985, og innføringskurs for lokale innsamlarar vart halde på Hareid same hausten.
Samlinga av stadnamn inneheld 2227 namn frå kommunen. Av desse er 1703 namn frå innsamlinga i samband med Stadnamnprosjektet. Namna vart kartfesta og det vart gjort lydopptak av uttalen av namnet. Ei samling, innsamla av Norleif Holstad, inneheldt 324 namn, men desse er ikkje kartfesta, berre knytte til gard og bruk. Om lag 200 namn vart samla inn av Monrad Pilskog i samband med norsk hovudfag ved Universitetet i Trondheim i 1975.
Namnelister, kartblad og lydkassettar vart kontrollerte og ordna av Peter Hallaråker 15.1.2003. Det kom fram ulike veikskapar ved innsamlinga; same innsamlings-nummer var brukt to gonger på same kartblad, ein har utelate namn som allereie står trykte på kartet, samlinga hadde ikkje fonemisk lydskrift, normerte skriftformer eller lokalitetskodar.
Samlinga vart tilbakeført til Hareid kommune for supplering, retting av feil og nyordning.

Dei siste åra har det vore mykje arbeid med å ordne stadnamn-materialet. Margreta Liavåg var til god hjelp under arbeidet med å ordne materialet, og Reidar Hareide hjelpte til med fonemskrifta. På grunn av eit noko uoversiktleg materiale vart det ikkje mogleg å legge til fonemskrift på heile samlinga.
Interkommunalt Arkiv i Ålesund vart kopla på saka i 2014, og resultatet er at det er digitalisert og kartfesta 1334 stadnamn i Hareid kommune. Desse stadnamna er lagt inn på kartløysinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hareid kommune arbeider for å gjere stadnamna tilgjengelege på heimesida.

Enn så lenge finn vi stadnamna her: Ctrl + klikk på lenkja her: https://www.fylkesatlas.no  - klikk på Temalag (med meg kom det automatisk) - opn opp menyen for (med pila) Kultur og historie - kryss av for Stadnamn og Stadnamn til godkjenning - zoom inn på Hareid.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 24.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering