Tilbakemelding april 2017

Grimstadvatnet - Klikk for stort bilete Helga Bøe-Grimstad

Vi har fått nokre tilbakemeldingar frå de som nyttar sida og vi vil prøve å gi svar på kva vi har gjort. Vi kan dessverre ikkje svare til avsendar på tilbakemeldingar/førespurnadar vi får.
Vi vil og få takke for dei positive tilbakemeldingane vi har fått på innhaldet på sida.

Vi oppfordrar dykk til i hovudsak å nytte søkefunksjonen på sida. Etter tips frå tilbakemeldar har vi laga Ofte stilte spørsmål.

Diverse

Spørsmål: Rodekart
Svar: Ved å søkje på rodekart finn de informasjon om dette og oppdaterte rodekart. Vi har no også lenka til den informasjonen vi Sjølvbeteningsknappen på framsida.

Spørsmål: minarbeidsplan
Svar: Dette er eit internwebsystem som de som tilsett skal finne på intranett. Sektor for velferd er kontakt og vi vil legge ut lenke til systemet så snart vi har motteke der i frå.

Spørsmål: Adminstrativ organisering - Eg leitar etter den administrative organiseringa i kommunen. Har funne den politiske.
Svar: Administrativt organisasjonkart er no å finne om de går inn på Tenestetilbod.

Spørsmål: Kommunal tomter - Trenger passord for å få tilgang på ledige tomter denne feilen har ligget inne lenge, går ikkje å opne karta.
Svar: Vi ser at kartlaget Ledige tomter manglar og har gitt beskjed om dette. Det er ein feil hjå leverandøren, dei jobbar med å finne feilen. Inntil vidare kan de finne ledige tomter ved å klikke på lenka slik at kommunekart kjem opp. Deretter nedtreks meny for Hareid kommune oppe til venstre og opne opp menyen som heiter Kommunalt tomtesal. Klikk deretter på Ledige tomter (L=ledig, R=reservert, S=seld). Då kjem oversyn over ledige tomter fram.

Spørsmål: Lag og organisasjonar - Sunnmøre tamilsk kultur foreing.
Svar: Informasjon om lag og gorganisasjonar som Hareid kommune har fått tilbakemeldingar frå finn de ved å søkje på Lag og organisasjonar. Då får de treff både på fil og artikkel. Om nokon manglar og de ynskjer å melde inn informasjon om dei send det til postmottak@hareid.kommune.no

Spørsmål: Kommunal bustad - kommunal bustad?
Svar: Ved å søkje Kommunal bustad eller gå inn på Tenestetilbod -> Bustad og eigedom finn de informasjon om bustadar og kontaktinformasjon til ansvarleg i organisasjonen.

Spørsmål: Skjema
Svar: Skjema finn du under knappen Skjema på framsida. Om du går inn på tenestene våre vil der også ligge lenke til skjema knytt til den tenesta.

Eigedomsskatt

Spørsmål: Varsel om feil på eigedomsskatt for nokon kundar.
Svar: Det einaste Hareid kommune har hatt varsel om i det siste er Kommunale avgifter påført ubetalte renter/gebyr. Elles kan de søkje på Eigedomsskatt og de vil då få opp informasjon om tenesta og kontaktinformasjon til ansvarleg i organisasjonen.

Ledige stillingar

Spørsmål:

  • Finnes det sommervikarjobber for ungdom/skoleelever i juni juli? Plenklipping mm.
  • SFO
  • ej leita at en ledige stilling eller vikar jobb på reinhold.

Svar: Alle ledige stillingar Hareid kommune har ute som kan søkjast på finn de under knappen Ledige stillingar på framsida. Er det tomt når de klikkar på den betyr det at vi ikkje har ledige stillingar.

Politisk

Spørsmål: Møtepapira
Svar: Møtedokumenta til di ulike utvala finn de ved å klikke på knappen Politiske dokument på framsida. Når de klikkar der får de oversikt over politiske utval. De må då velje det utvalet og utvalsdat for å få opp dokumenta.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 08.05.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering