Tilbakemelding via heimesida 2017

Benk på Kvitneset med utsyn mot sjøen - Klikk for stort bilete Victoria Ernstsen

Vi har fått nokre tilbakemeldingar frå de som nyttar sida og vi vil prøve å gi svar på kva vi har gjort. Vi kan dessverre ikkje svare til avsendar på tilbakemeldingar/førespurnadar vi får. Vi oppfordrar dykk til i hovudsak å nytte søkefunksjonen på sida.
Vi vil og få takke for dei positive tilbakemeldingane vi har fått på innhaldet på sida.

Etter tips frå tilbakemeldar har vi laga Ofte stilte spørsmål.

 

Tilsette

Spørsmål: Fann ikkje telefonnummer til korttidsavd.
Svar: I artikkelen om sjukeheimen ligg det inne 2 kontaktpersonar. ! av dei er einingsleiar for sjukeheim/kortidsavdeling og ho kan kontaktast.
Om du ynskjer nummer til sjølve avdelinga kan du søke "kortid" i søkefeltet og du får opp fleire val.
Du kan også gå på knappen "Tilsette" på framsida og klikke deg inn på rett avdeling.

Spørsmål: Fann ikkje telefonnr. og e-post til fagkoordinator for heimesjukepleia (Sutha?).
Svar: Om du ynskjer nummer til ein bestemt person kan du søke "Sutha" i søkefeltet og  du får treff på Sutharsini Sathesskumar.
Du kan også gå på knappen "Tilsette" på framsida og klikke deg inn på rett avdeling og finne namnet og kontaktinformasjon på ho der.

Spørsmål: Adresse barnevern
Svar: Barnevern tenesta ynskjer at all kontakt mot dei skal gå via sentralbordet i Volda kommune. Postadresse til Volda kommune og telefonnummer til sentralbord ligg under artikkel som heiter "Barnevern". Når du ringer sentralbord har dei oversikt over tilsette om dei er tilgjengeleg/har ferie/er i møte m.m.

Diverse

Spørsmål: Kvifor har ikkje kommunen liggande skjema for medarbeidarsamtale?
Svar: Vi har ikkje interne skjema liggande på heimesida. Det skal ligge på intranett. Om du ikkje finn det der kontakt løn- og personalavdelinga.

Spørsmål: Kor gamal er Hareid kommune.
Svar: Hareid som eiga kommune vert 100 år i år.

Spørsmål: Egen informasjon om kommunen sitt krisesenter tilbod.
Svar: Om de søkjer på krisesenter får de opp treff på tilbodet Hareid kommune er knytt mot.

Spørsmål: Informasjon om verneombudstenesta i kommunen.
Svar: Dette finn de på intranettsida til Hareid kommune.

Spørsmål: Kvar skal eg levere brukte batteri, malingsrestar etc?
Svar: De kan levere dette på SSR i Saunesmarka, på heimesida til reinhaldsverket finn de ein sorteringsguide.
Batteri kan også leverast på nokre av butikkane på Hareid.

Spørsmål: Informasjon om varmtvassbassenget på Hadartun.
Svar: Vi har lagt inn informasjon om dette og de finn dette via sjølvbetening eller ved å søke "varmt".

Spørsmål: Kvar ligg "Reguleringsplan for Hareidsmyrane Norrd??
Svar: Vi har fleire reguleringsplanar i det området, men litt ulike namn på dei. Om det er Hareidsmyrane Nord 2 som det er meldt oppstart til i avis. De kan kontakte Silja Øvrelid for å få meir informasjon.

Spørsmål: Søknadsfrist støtte til Kammerkoret.
Svar: Det kan søkast på kulturmidlar med frist 1. april.

Spørsmål: Hei! Eg har som pensjonist god tid til å snakke med folk i bygda. Eitt av tema som mange er opptekne av, er kva farge Hjørungavåg skulen skal få etter at den har vorte så flott. Alle meiner at den gamle og utslitte fargen den har hatt må skiftast. Alt er betre enn den gule fargen som har gått ut på dato.  Rekna med dei tilsette har eit syn på saka, og dei har uttalerett.
Svar: Eg har sendt forslaget over til einingsleiar kommunale bygg og FDV.

Ledige stillingar

Spørsmål: Fleire som gjeld at dei ikkje finn ledige stillingar

Svar: Under "Ledige stillingar" vil de berre finne stillingar som er lyst ut i Hareid kommune, om vi ikkje har ledige stillingar vil der vere tomt slik er det berre.
Om de ynskjer å sende inn ein generell søknad kan de sende den til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid eller postmottak@hareid.kommune.no.

Politikk

Spørsmål: Elendig side.

Svar: Det er lov å meine, men vi hadde vore veldig glad for å få tilbakemelding/tips på kva vi kan gjere for å få den betre.

Spørsmål: Møteinnkallinga.

Svar: Om de trykker på knappen "Politiske dokument" på framsida vil de kome inn på sida der politiske møteinnkallingar og møteprotokollar ligg. Då må de klikke på namnet til utvalet og så møtedato.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 13.03.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering