Tilsetjing av assisterande rådmann og kommunalsjef for sektor for samfunnsutvikling

Kariann Bigseth - Klikk for stort bilete Fotograf Hagen, ÅLesund Kai-Rune Bjørke (3.png - Klikk for stort bilete

Kariann Bigseth (45 år) er tilsett som assisterande rådmann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

og Kai-Rune Bjørke (44 år) er tilsett som kommunalsjef for sektor Samfunnsutvikling i Hareid kommune.

Kariann Bigseth (45 år) er tilsett som assisterande rådmann

Rådmannen er glad for å kunne tilby ei spennande stilling til ein utflytta Hareidsdøl som ynskjer å vende heimover. Kariann er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo frå 2003, og ho har vidareutdanning innan prosjektkompetanse frå 2007. Ho har arbeidserfaring frå stat, kommune, helseføretak og interkommunale samarbeid. Ansvarsområdet har vore knytt til innkjøp der ho har hatt roller som rådgjevar og leiar. Ho kjem no frå ei stilling som innkjøpssjef i Nedre Romerike innkjøpssamarbeid.

Hennar utdanning og arbeidserfaring med innkjøp og leiing vil vere svært nyttig i den stillinga ho no skal inn i. I tillegg til funksjonen som assisterande rådmann skal ho vere leiar for stab/støttetenestene i kommunen. Dette dreier seg om personal- og organisasjon, økonomi, IKT og servicetorg/politisk sekretariat.

Med Kariann som assisterande rådmann får kommunen ein ekte Hareidsdøl i kommunen si strategiske leiargruppe. Dette ser rådmannen som ein stor fordel sidan dei andre leiarane pendlar inn frå andre kommunar. Men aller mest får vi ein svært dyktig og kompetent fagperson som kan bidra med erfaring og eit ope blikk utanfrå. Kariann takka umiddelbart ja til stillinga og ser fram til å ta fatt på mange spennande utfordringar i Hareid kommune i åra som kjem. Ho vert sentral i utviklinga av kommuneorganisasjonen då ho skal vere prosjektleiar for kommunen sitt store omstillingsprosjekt «Losen 2025».

Vi ynskjer velkomen til Hareid, gratulerer med jobben og ser fram til samarbeidet!

Kai-Rune Bjørke (44 år) er tilsett som kommunalsjef for sektor Samfunnsutvikling

Kai-Rune er ørstingen som i ti år, gjennom fleire ulike stillingar og funksjonar i Hareid kommune, har vore med på å utvikle Hareid-samfunnet på ulike måtar. Han gir uttrykk for at dette har vore både utfordrande og spanande. Han søkte kommunalsjefstillinga fordi han gjerne vil vere med på vidare utvikling, og har både ambisjonar, idear og mål for korleis dette kan gjerast.

Han har økonomisk bakgrunn, samt ein bachelor i samfunnsplanlegging og offentleg administrasjon frå 2004. Vidare fag frå masterstudiet i regional leiing og samfunnsplanlegging. Kai-Rune kjem frå stillinga som plansjef i kommunen der han har vore sidan 2015, til han for om lag eitt år sidan vart konstituert kommunalsjef. Han har erfart deltaking i rådmannens leiarteam som svært lærerikt, og ynskjer å bidra med vidare utvikling av ei enno meir heilskapleg og tverrfagleg kommune. Dette har gitt han erfaring i strategisk leiing, men også leiing på avdelings- og sektornivå. Gjennom tida i Hareid kommune har han sett verdien av å spele på lag med næringsliv og frivillige, slik at ein saman kan finne gode løysingar for alle partar.

Med Kai -Rune som kommunalsjef får vi ein som kjenner kommunen, og er klar for nye oppgåver med å bidra til å utvikle både Hareid kommune som organisasjon og som lokalsamfunn. Han seier at han vil leie den nye sektoren for samfunnsutvikling gjennom å ha fokus både medarbeidarar, drift og gjennom gode prosjektstyringsprosessar.

Hareid kommune gratulerer med jobben, og ser fram til vidare samarbeid i ei ny rolle!

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 04.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering