Tilsetjing av formannskapssekretær /informasjonskonsulent

Erlend Friestad - Klikk for stort bilete Privat

Hareid kommune er glad for å få Erlend Friestad (37 år) med på laget vårt.

Erlend har utdanning innanfor faga journalistikk og statsvitskap. Han har fleire år som tilsett i Vårt Land, der han har vorte nytta i fleire roller bl.a. som reporter, deskjournalist og vaktsjef/frontsjef.

Utdanninga og arbeidserfaringa han har gjer at han passar utmerket i denne stillinga. På den eine sida arbeidet knytt mot det politiske arbeidet – der stødigheit og kunnskap knytt til samfunnet er viktig – og på den andre sida arbeidet knytt til informasjon – der kreativitet og evne til god kommunikasjon er viktig.

Hareid kommune har her fått ein dyktig og kompetent fagperson som kan bidra med erfaring og eit ope blikk utanfrå.
Erlend har takka ja til stillinga og ser fram til å ta fatt på mange spennande utfordringar i Hareid kommune i åra som kjem.

Vi ynskjer velkomen til Hareid, gratulerer med jobben og ser fram til samarbeidet!

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 20.07.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering