Tusen takk til Ward 1 og Terje Wiik.

Sansehage_solkrå - Klikk for stort bilete Nina Ulstein HK Etter arbeidsdag i går stilte Ward1 mannsterke opp med mannskap, reiskap og lift. Dei jobba til klokka 22 i går kveld, og hadde då gjort reint heile området i huken der sansehagen er!

I 2017 fekk vi på plass sansehagen ved skjerma avdeling på Hareid sjukeheim. Terje var innom ein tur då, og han tilbydde seg å ta del i dugnaden for å gjere det reint på veggane ved sansehagen. Det vart ikkje deltaking i dugnad i 2017 grunna andre oppgåver, men då nokon frå dugnadsgjengen spurde Terje om tilbodet sto ved lag i år var han ikkje sein å be: "Dette vert vaska før 17.mai!" svarte Terje.

Dugnadsgjengen takkar Terje for arbeidet og den flotte innsatsen. Han svarte: "Ei glede å glede dei som bygde landet, og gav oss alt vi kan vere stolte av!".

Fotograf: Nina Ulstein HK Fotograf: Nina Ulstein HK Fotograf: Nina Ulstein HK Fotograf: Nina Ulstein HK Fotograf: Nina Ulstein HK Fotograf: Nina Ulstein HK Fotograf: Nina Ulstein HK

 

Vi takkar nok ein gong Terje og Ward1 for innsatsen. Det er slett ikkje fyste gongen Terje stiller opp med dugnad for å gjere det triveleg for dei eldre. Vi er utruleg takknemleg for innsatsen også denne gongen!

Hipp hipp HURRA, og lykke til med dagen i morgon alle saman. Her skal vi få mange hyggelege stunder.

Nina Ulstein
-einingsleiar-

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 16.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering