Varsel om oppstart av planarbeid

Grimstadvatnet - Klikk for stort bilete Helga Bøe-Grimstad

Varsel om oppstart av planarbeid samt offentleg ettersyn av planprogram for Kommunedelplan for vatn og avløp.

Hareid Formannskap har i møte 04.12.2017 i Sak FSK PS 137/17 gjort vedtak om å varsle om oppstart og kunngjering av utarbeiding av kommunedelplan for vatn og avløp i samsvar med Plan- og bygningslova § 11-12 og 11-13. Samstundes som varsel om oppstart av planarbeid, vert også forslag til planprogram for Kommunedelplan for vatn og avløp, datert 21.11.2017, lagt ut til offentleg ettersyn i tråd med PBL § 11-13.

 

Føremålet med planarbeidet er å utarbeide ein kommunedelplan for vatn og avløp som skal understøtte kommuneplanens overordna visjon og målsettingar, samt skape eit grunnlag for overordna og langsiktig styring innan tenesteområda vatn og avløp i Hareid kommune.

Forslag til planprogram vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen sine heimesider (www.hareid.kommune.no). Du finn dokumenta i menyen til høgre. Offentlege mynde og andre aktuelle vert varsla i eige skriv. Dersom du ynskjer utskrift av planprogrammet, ta kontakt med prosjektleiar Øyvind Vassbotn (oyvind.vassbotn@hareid.kommune.no).

Merknadar til planforslaget kan sendast til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid eller til postmottak@hareid.kommune.no. Saksreferanse 2017/1514.

Frist for innspel og merknadar er sett til 26. januar 2018. Alle innspel må vere skriftlege.

Publisert av Silja Øvrelid. Sist endra 05.12.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Silja Øvrelid Silja Øvrelid Konstituert leiar
915 57 327
@ Silja Øvrelid
Øyvind  Vassbotn Øyvind Vassbotn Ingeniør
957 53 575
@ Øyvind Vassbotn
Dokument (1)
Login for redigering