Slik melder du di interesse

Slik melder du di interesse

Vi har starta å ta imot reservasjonar på tomtene.

Bilete med tomtekarte lagt over - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

 

Slik går du fram

  1. Finn tomta di: Klikk her for oversikt over pris og areal.
  2. Send søknad innan fristen: Du må fylle ut «skjema – søknad om tildeling av tomt» og sende det til Hareid kommune innan 5. januar 2026. 
    • Du må vere over 18 år.
    • Éin søknad per husstand per tomt (men kvar husstand kan søke på fleire tomter).
  3. Loddtrekning ved stor interesse: Dersom fleire søkarar ønskjer same tomt, blir tildeling avgjort ved loddtrekning. Du får beskjed om tidspunkt og kan vere til stades.
  4. Aksepter tilbodet: Har du fått tildelt tomt, må du signere kjøpekontrakt innan tre månader.

 

Pris og vilkår

  • Tomtene blir selde til fastpris per kvadratmeter basert på sjølvkost.
  • I tillegg kjem oppmåling, tinglysingsgebyr, dokumentavgift og tilknytingsavgifter.
  • Bygging kan starte når tomta er skøyta over til deg.
  • Dersom du ikkje har sendt komplett byggesøknad innan to år, kan kommunen kjøpe tomta tilbake til same pris.

 

LES OGSÅ: Utfyllande reglement for kjøp av kommunale bustadtomter i Hareid kommune(PDF, 139 kB)