Hareid mottak for einslege mindreårige

Utlendingsdirektoratet (UDI) og Hareid kommune har inngått avtale om drift av eit mellombels mottak for einslege mindreårige asylsøkarar (EMA).

(Artikkel oppdatert 16.02.2023)

Eksteriørbilete av Myrtunet. - Klikk for stort bilete Johanne Krogstadmo

Avtalen gjeld i første omgang i seks månader, men den kan forlengast inntil eitt år. Denne avtalen inneber derfor ikkje at det vert oppretta eit ordinært meir langvarig mottak. Skal dette skje må Hareid kommune først inngå ein rammeavtale med UDI.

Kort opphaldstid

Sidan Hareid EMA-mottak er eit mellombels mottak, så reknar vi med at opphaldstida til den einskilde bebuar kan vere relativ kort. 

Hareid EMA-mottak hadde sin første driftsdag tysdag den 17. januar. Frå denne dagen pliktar Hareid kommune å ha på plass eit tilbod til 35 ungdomar i alderen 15-18 år. Talet på plassar vart utvida til 44 frå tysdag den 24. januar. 

Det bur fjorten ungdomar i Hareid EMA-mottak per 16. februar 2023.

Vi vil nytte Myrtunet 

På Myrtunet var det mottak også i 2022. I det høvet vart alle fellesareal oppgradert. Her vil alle bebuarane få sitt eige rom med tilgang til fellesareal som opphaldsrom og kjøken. Modellen er sjølvhushald. Det inneber at den einskilde bebuar skal ordne det meste sjølv av matlaging, vask av klede og reinhald av eigne rom og delar av fellesrom. Samstundes skal vi ha ei tett oppfølging på personalsida. Totalt vil det vere 15 - 20 årsverk knytt til drifta av mottaket. Her har vi knytt til oss tilsette med relevant fagutdanning, men og personar med variert språkbakgrunn. Dei tilsette vil ha sin base i brakke D til høgre på tunet, som no er oppgradert til å fungere som resepsjon og med gode kontorfasilitetar.  

Ein del av lokalsamfunnet

Hareid kommune vil som vertskommune mellom anna ha ansvar for helseteneste og skulegang. Det er etablert samarbeidsordningar for å få dette på plass. Mellom anna vert skulegangen gjennomført i regi av Ressurssenteret.  

Sjølv om Hareid EMA er eit mellombels mottak, så skal bebuarane i opphaldstida vere ein det av eit lokalsamfunn og bu i eit lokalsamfunn. Difor er det etablert kontakt med lag - og organisasjonar  for å styrke integreringsarbeidet.  Vi vil også nytte den kommunale ungdomsklubben.

Mottak av klede, sko og syklar

Pr. 16.02.2023 trengs:

  • ytterjakker (varme) til gutar 15-18 år, storleik S, M og L
  • fleecejakker
  • genserar med eller utan hette, til gutar 15-18 år, storleik S, M og L
  • bukser (gjerne svarte eller mørke) i storleik S og M
  • treningsbukser
  • t-skjorter i storleik S og M
  • badeshorts til gutar, storleik S og M
  • vintersko, storleik 41 til 45
  • innejoggesko til bruk i hallen, storleik 41 til 45

Klede og sko må vere reine og i god stand.

Vi tek gjerne også imot syklar. Vi har no berre éin svært populær sykkel som alle deler på.

Klede, sko og utstyr kan leverast i resepsjonen i C-brakka på mottaket i Isakdalen 127 alle dagar mellom kl. 14:30 og 16:30. Dei som ynskjer å gjere andre avtalar (kveld/helg) kan ta kontakt med ansvarleg vakt på telefon 46 93 46 69.

Kontaktinformasjon til mottaket

Odd Arne Vikebakk

Mottaksleiar

E-post: odd.arne.vikebakk@hareid.kommune.no

Telefon: 94 25 68 05

 

Aina Therese Grongstad

Nestleiar

E-post: aina.therese.grongstad@hareid.kommune.no

Telefon: 46 93 67 13

 

Lena Renate Moldskred

Barnefagleg ansvarleg

E-post: lena.renate.moldskred@hareid.kommune.no

Telefon: 90 28 09 21

 

Vakttelefon 1 (Ansvarleg vakt): 46 93 46 69

Vakttelefon 2: 90 29 82 60

Vakttelefon 3: 90 29 26 20