Informasjon om bruksendring finn du på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.
Kven kan få tenesta?
Som huseigar kan du søke om bruksendring.
Kva kan du forvente?
Du kan forvente at søknaden din vert handsama innanfor gjeldande lovverk utan ugrunna opphald.
Kva kostar det?
Gebyrsatsar for bruksendring.
Korleis søkjer du?
Du søkjer brukendring i eige skjema. Hugs å forklare tydeleg kva funksjonar rommet har hatt og funksjon det skal ha etter endringa.
Det er viktig at du legg ved
- teikning i mål 1:100 der det kjem klart fram kva for ein del av eigedomen søknaden gjeld
- nabovarsel dersom endringane fører til fasadeendring som for eksempel nye vindauge/ytterdører
Når kan du vente svar?
Vi vil handsame søknaden din så fort som råd.
Lover
Plan- og byggningslova