Kven kan få tenesta?
Kjøparar av eigedomar, leigetakarar til eigedomar med ei varigheit lenger enn 10 år.
Kva kan du forvente?
Eit konsesjonspliktig erverv kan ikkje tinglysast med mindre konsesjon er gitt. Er de usikker på om eit erverv utløyser konsesjonsplikt, kan de vende dykk til kommunen der eigedomen ligg for å få hjelp til å avklare dette.
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Skjemaet Konsesjonsfritak - eigenfråsegn skal som regel fyllast ut når ervervet er konsesjonsfritt. Det skal sendast til kommunen som attesterar og registrerer forholdet i matrikkelen (NB! Det skal ikkje lenger fylgje skøyte til tinglysing).
Ved søknad om konsesjon skal dette skjemaet nyttast: Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom
Klage
Klagefristen er 3 veker. Klaga skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og vil bli handsama av den instans som gjorde første vedtak. Opprettheld instansen vedtaket, vert saka sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Klagen skal sendast til:
Hareid kommune,
Rådhusplassen 5,
6060 Hareid
Lover
Lov om konsesjonsfrihet ved erverv av fast eigedom
Plan- og bygningslov
Lov om jord
Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)