Oppmålingsforretning

Oppmålingsforretning er eit møte på staden (tomta, eigedomen) for å klarlegge og dokumentere eksisterande eigedomsgrenser og sette og avmerke nye.

Kven kan få tenesta?

Heimelshavarar og festarar kan søkje om oppmålsforretning.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Alle eigarar av eigedomar som støyte til grensene som er omfatta av kartforretninga, vert varsla skriftleg minst 2 veker før møtet. Kommunen sin representant (styrar av kartforretninga) leiar møtet og dokumenterer kva møtet kjem fram til.
Grensene vert merka med godkjende merke i fjell/ stein eller jord. Styrar er nøytral i forhold til spørsmål om grenser og rettigheiter.
Skulle partane ikkje bli einige om grensene, kan dei rekvirere Jordskiftretten for å få dom i tvisten.

Etter kartforretningsmøtet sørgar styrar for kartlegging av grensene og utferding av matrikkelbrev.

Søknad om deling og/eller rekvisisjon av oppmålingsforretning

Krav om matrikulering, herunder oppmålingsforretning

Lover

Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova)

Kontakt

Jostein Hånes
avdelingsingeniør
E-post
Mobil 468 06 815