Endring av reguleringsplan

Endring av reguleringsplan

Hovudprinsippet for ein reguleringsplan er at den er gyldig og juridisk bindande til den vert erstatta av ein ny plan, eller vert oppheva.

Dersom det allereie finst ein reguleringsplan for eit område, og denne ikkje samsvarar med visjon for utvikling er det mogleg å endre reguleringsplanen.

Om ei sak kan handsamast som ei mindre reguleringsendring, avhenger av omfanget av endring(ane) og føreset at planavdelinga kan tilrå forslaget. Det må ikkje ligge føre vesentlege merknadar til endringane frå berørte mynde eller private partar etter høyring. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Kva er ei reguleringsendring?

Reguleringsendringar følger som utgangspunkt same prosedyre og reglar som utarbeiding av ny reguleringsplan. Unntaket er mindre reguleringsendringar, der ein legg opp til ein enklare prosess, jf. PBL. §12-14 andre ledd. Det er formannskapet som godkjenner mindre reguleringsendringar. 

Grensegangen mellom mindre endring og (større) endring er eit skjønnsspørsmål som må vurderast og fastsettast i kvart enkelt tilfelle ut i frå dialog med forslagsstillar og kommunen. 

Dersom ein ønskjer å endre ein plan må ein søke om dette til kommunen. Den som skal utarbeide forslag til reguleringsendring må vere fagkyndig.

Oppstartsmøter er gebyrbelagt, sjå her for pris. I tillegg er reguleringsendringar gebyrbelagt. Sjå same side.

Mindre endring av reguleringsplan

Grensegangen mellom (vanlig) endring og mindre endring er i stor grad skjønnsbasert og tek utgangspunkt i omfanget og summen av endringane. Det er ikkje noko klart skilje. Kvar einskild sak må vurderast individuelt. Ta kontakt med sakshandsamar i planavdelinga for rettleiing i din sak.  
 
Det er derimot nokre element som klart gjer at saka må fylje ordinær prosess: 
o    endringane utløyse krav om risiko- og sårbarheitsanalyse etter § 4-3 
o    endringane føreset medverknad frå andre enn dei grunneigarane som endringa berører 
o    det ligg føre innvendingar frå sektormynde (motsegnsmynde etter § 5-4) 
o    endringa kan påføre naboar ulempe som kan utløyse krav om erstatning etter reglene i oreigningslova 
 
Saksgang ved mindre endring
Dersom sakshandsamar finn det naudsynt skal det haldast oppstartsmøte, utan at det vert teke gebyr. 
På oppstartsmøtet drøftar ein endringane og summen av dei, og finn i samråd ut om saka kan fremjast som ei mindre endring eller skal følgje ordinær prosess. 
 
Finn ein det tenleg å føre saka som ei mindre endring gjeld følgande prosess:  

Forslagsstillar må, med bistand frå fagkyndig plankonsulent, levere eit komplett planforslag som syner endringane i gjeldande plan.  


Oversendinga bør inneholde: 
o    Plankart  
o    Føresegner (dersom desse vert endra)  
o    Eit fylgjeskriv som opplyser om:

  • Bakgrunn for endring  
  • Gjeldande planstatus  
  • Ny planstatus  
  • Omtale av planendringane og verknadane av dei.  

Vedlegg: 
•    Plankart PDF og SOSI 
•    Eit plankart som syner planendringa med grunnkart 
•    Eit plankart som syner gjeldande plankart transparent i bakgrunnen. Dette for å synleggjere kva endringar som er gjort. 
•    Relevante illustrasjonar og vurderingar.  
 
 
Komplett planforslag sendast til kommunen sitt postmottak (postmottak@hareid.kommune.no

I Hareid kommune er det formannskapet som har mynde til å godkjenne vedtak om mindre endringar av reguleringsplan.  
 
Før vedtaket godkjennast, vil kommunen sende saken på høyring til berørte mynde og grunneigarar av eigedommane som direkte vert råka for uttale. Frist for uttale er normalt 3 veker.  

Endring av reguleringsplan

Endring av reguleringsplan har same krav til prosess og gjennomføring som eit vanleg planarbeid har. Dette finn ein meir informasjon om under "Ny plan" på heimesida vår.