Har du opplevd vald og overgrep?

Det er fleire som står klare til å hjelpe deg som er eller har vore utsett for vald eller overgrep. Ikkje nøl med å ta kontakt!

Vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er eit omfattande samfunns- og folkehelseproblem. Alle kan bli utsett for vald i nære relasjonar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion eller sosial status.

Avvergeplikt - Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar som går føre teieplikta og gjeld ALLE til ei kvar tid – både på jobb og på fritida.

Meldeplikt - Du har sjølvstendig plikt til å melde frå til barnevern og politi ved mistanke om vald eller overgrep mot barn. Dei har ansvar for å undersøkje saka og avgjere vidare tiltak.

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Klikk for stort bileteValdskoordinator Lene Bjåstad og Cecilie R. Teunissen. Jon Henriksen

Kommunen har eit særleg ansvar for å førebyggje, avdekke og avverje vald og overgrep. Dette krev ei samordning av tenester og samarbeid på tvers. Kommunane på Sunnmøre har utarbeida ein handlingsplan som tek utgangspunkt i nasjonale føringar. Denne gir felles retning for arbeidet mot vald i nære relasjonar på Sunnmøre.

Sjå handlingsplan mot vald i nære relasjonar for kommunane på Sunnmøre.