Omsorgsbustad Hadartun

Sektor for velferd disponerar 35 omsorgsbustader ved Hadartun. Av desse vert 33 nytta til langtidsutleige og 2 til tidsavgrensa (midlertidige) opphald. Kvart husvære er på ca. 50 m2, og inneheld bad, soverom, stove med open løysing til kjøken og eigen veranda og bod. Husvære til langtidsutleige er utan møblar og kvitevarar. Husværa som vert nytta til tidsavgrensa opphald er møblert.

Kva er ein omsorgsbustad?

Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa orienterings- og røyrslehemma og fysisk tilrettelagd slik at bebuarane etter behov skal kunne motta omfattande heildøgns pleie og omsorg utanfor institusjon. Slik bustad kan passe for personar som grunna funksjonsnedsetting, sjukdom, skade eller alder treng ein anna bustad og dette behovet ikkje kan dekkast i den private marknaden eller med tilrettelegging i eksisterande bustad.

Bustaden er utforma for å kunne lette kvardagen din. Alle husvære er tilknytta adresserbart brannvarslingsanlegg for å ivaretake branntryggleiken.

Kven kan søke på omsorgsbustad?

Eldre eller andre med eit pleie- og omsorgsbehov.

Kva kostar det?

Husleiga vert sett ut frå skattepliktige inntekt. Det vert høve til å søke Husbanken om bustøtte

Korleis søker du?

Søknadsskjema finn du her

Når kan du vente svar?

Alle søknader vert fortløpande handsama og følger Forvaltningsloven sine krav til sakshandsaming. Alle som søker omsorgsbustad får vurderingsbesøk i heimen av fag-koordinator i heimetenestene og ergoterapeut eller fysioterapeut der målet er å få ei heilheitleg og individuell vurdering av søkar sin livssituasjon. Du vil motta skriftleg vedtak når endeleg avgjerd er teke.

Bustadene

Det er heimetenestene som tildeler bustadene ut frå søknad. Det vert ytt omsorgstenester frå heimetenestene på same måte som i eigen bustad og etter same regelverk.

Bustaden er nedvaska og i godkjent stand når du flyttar inn. Det vert skrive husleigekontrakt, og nøkkel til bustaden vert utlevert etter avtale med Oddrun Alme Mork eller Gunn Marthe Pieroth. Som leigetakar må du i tillegg til husleige betale straum, telefon og forsikring av eige innbu. Kommunen si forsikring dekker berre det kommunen eig.

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker §28 og Lov om pasient- og brukerrettigheter §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.

Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.

Lovgrunnlag

Rett til bustad er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §3-7 og Lov om pasient- og brukarrettigheter §2-1a

 

Kontakt

Christina Aasen-Helvig
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 35
Mobil 476 82 834
Sutharsini Satheeskumar
fagkoordinator
E-post
Mobil 468 01 312
Tonje Holstad
fagkoordinator
E-post
Telefon 70 03 75 41