Heimehjelp

Heimehjelp

Heimehjelpsordninga skal bidra til at eldre og personar med funkjonsnedsetting som treng hjelp og opplæring skal kunne bu lengst mogleg i eigen bustad. Dersom du får innvilga din søknad på heimehjelp vil du få "tildelt" di eiga heimehjelp. Endring kan førekome i samband med sjukdom og ferieavvikling.
Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse– og omsorgstjenester § 3-2, 6 b.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.

Rett til klage

Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker(Forvaltningsloven) §28 og Lov om pasient- og brukerrettigheter §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.

Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

IPLOS-registrering

IPLOS-tenestetype 1: Praktisk bistand – daglege gjeremål.

Mål for tenesta

Praktisk bistand er for personar som har behov for hjelp til daglege gjeremål, til dømes husarbeid.
Personar med nedsett funksjonsevne får nødvendig hjelp slik at dei skal kunne bu heime lengst mogleg.

Kriterier for tildeling
  • Søkar må grunna sjukdom, nedsett helse eller funksjonsnedsetting ha behov for hjelp til å ivareta nødvendig stell av eigen bustad
  • Det vert vurdert om andre i husstanden kan utføre husarbeidet
Praktiske opplysningar
  • Nødvendig og funksjonelt utstyr til vask og reingjering må vere tilgjengeleg
  • Tenesta vert utført på kvardagar
  • Tenesta vert utført i samsvar med vedtaket, og reingjering vert vanlegvis utført i 1-2 timar annakvar veke
  • Heimehjelp vert ikkje utført på helg og høgtidsdagar
  • Tenesta inkluderer hjelp etter behov til:
    • Vanleg reinhald av rom som dagleg er i bruk; støvtørk, golvvask, støvsuging og vask av bad/toalett. Reinhaldet vert berre utført på flater som er lett tilgjengeleg
    • Innvendig reinhald av kjøleskap og mikrobølgeomn
    • Skifte av sengekle
    • Sette inn, starte og tøme oppvaskmaskin
    • Vask av kle i vaskemaskin og hjelp til å henge opp
  • Risting av mange eller store/tunge golvteppe
  • Storreingjering og vask av vindauge (må ordnast privat)
  • Rydding og reingjering av rom som ikkje er dagleg i bruk
  • Førebuing til besøk eller opprydding/oppvask etter gjester
  • Reingjering av trappar, gangar eller andre fellesareal i burettslag eller blokker
  • Snømåking
  • Hjelp til dyrehald
  • Flytting
  • Handling av daglegvarer
Forventningar til tenesteytar
  • Held lovfesta teieplikt
  • Opptrer på ein respektfull måte i brukar sin heim som fremjar godt samarbeid og god kommunikasjon
  • Følge krav til HMS-reglar i heimen, til dømes ikkje å bruke stige/krakk for å reingjere i område over «skulderhøgde»
  • Gje tenestemottakar beskjed i rimeleg tid dersom avtalar vert utsett eller avlyst
  • Tenesteytar gjer ei fortløpande vurdering av hjelpebehov og vedtaket kan bli endra i takt med dette
Forventningar til tenestemottakar
  • Har utstyret det er behov for, t.d. vaskemiddel, klutar, mopp, støvsugar og liknande
  • Har flytande såpe og tørkerull tilgjengeleg for personalet til å utføre handhygiene
  • Bidreg sjølv så langt det er råd ut frå funksjonsevne
  • Tenestemottakar eller pårørande er tilstade når arbeidet vert utført med mindre anna er avtalt
  • Gje tenesteytar beskjed snarast råd om du ikkje kan ta i mot hjelpa, seinast dagen før kl. 12. Dersom beskjed ikkje vert gitt må du likevel betale for planlagt oppdrag
  • Samarbeide dersom behov for hjelpemiddel i heimen for å ta i vare fysisk arbeidsmiljø til tenesteytar
  • Heimen til tenestemottakar er tenesteytar sin arbeidsplass. Det er difor viktig at:
    • Tenestemottakar og tenesteytar har gjensidig respekt for kvarandre
    • Heimen er godt utlufta dersom du røyker, og at det ikkje vert røykt når det vert ytt tenester
    • Husdyr er ute av bustaden eller i andre rom når tenesta vert ytt
    • Tenestemottakar respekterer at tenesteytar har teieplikt
  • Dersom tilhøva i bustaden er av slik karakter at det utgjer helsemessig risiko for personalet kan kommunen krevje at tenestemottakar sørger for opprettande tiltak (grundig opprydding og/eller nedvask) før praktisk bistand vert sett inn. Døme kan vere smittenedvask utført av profesjonelle
  • På vinterstid er det tenestemottakar sitt ansvar at det er brøyta og strødd fram til inngangen av huset slik at tenesteytar kjem fram

Kontakt

Sutharsiny Satheeskumar
einingsleiar
E-post
Mobil 47 68 28 34
Tonje Holstad
fagkoordinator
E-post
Mobil 91 56 67 33