Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ei velferdsteknologisk løysing som kan bidra til at du kan bu og leve trygt i din eigen heim lengst mogleg. Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre og personar med nedsett funksjonsnivå. Alarmen kan nyttast heile døgnet.

Lovgrunnlag

Tenesta kan ytast som eit førebyggande og tryggheitsskapande tiltak eller den kan ytast som helsehjelp etter Lov om helse og omsorgstenester § 3-2. 6 b og Lov om pasient- og brukarrettigheter § 2-1 a. 

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja.  IPLOS-tenestetype 6: Tryggleiksalarm.

Kostnad

Eigenandel etter fastsett pris per månad når alarm er innvilga som eit servicetilbod.

Dersom alarmen er innvilga som nødvendig helseteneste etter helse- og omsorgstenestelova er ikkje høve til å krevje eigenandel.

Mål for tenesta

Tryggleiksalarm skal bidra til auka tryggleik for tenestemottakar og bidra til vedkomande kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Kriterier for tildeling

Heimebuande eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli tildelt tryggleiksalarm ut frå desse kriteria:

  • Tenestemottakar kjenner seg utrygg pga. sjukdom eller funksjonsnedsetting
  • Tenestemottakar har behov for å tilkalle hjelp pga. sjukdom og funksjonsnedsetting
  • Tenestemottakar forstår bruken av alarmen og meistrer å bruke alarmknappen
Praktiske opplysningar
  • Før du får installert alarm i heimen må du levere nøkkel til heimetenesta
  • Tryggleiksalarm er ei ordning der du kan kome i kontakt med heimetenesta i ein akutt eller alvorleg situasjon der du treng hjelp
  • Tenesta består av ein alarmboks, ein alarmknapp og alarmteneste frå heimetenesta
Forventningar til tenesteytar
  • Alarm vil bli montert så snart vi har kapasitet etter at søknad er innvilga
  • Gi rettleiing og opplæring
  • Tek raskt kontakt via alarmboks eller telefon når tenestemottakar utløyser alarmen.
  • Rykker raskt ut til heimen dersom det ikkje oppnås kontakt
  • Dersom pårørande/naboar tek del i varslingskjeda vil tenesteytar ta kontakt med pårørande/nabo når alarmen er utløyst og be vedkommande ta kontakt
Forventningar til tenestemottakar
  • Må levere nøkkel til heimetenesta, dørkode eller montere nøkkelboks ved inngangsdøra før tenesta kan starte
  • Må bære alarmknappen heile døgnet anten i halssnor eller rundt handleddet
  • Alarmen vert berre nytta ved akutte eller alvorlege situasjonar, t.d. ved fall, skade eller sjukdom
  • Erstattar alarmknappen/alarmboksen om den vert mista eller øydelagt med vilje. Dette skjer via fakturering frå kommunen

Kontakt

Sutharsiny Satheeskumar
einingsleiar
E-post
Mobil 47 68 28 34
Tonje Holstad
fagkoordinator
E-post
Mobil 91 56 67 33