Svangerskapsomsorg

Svangerskapsomsorga omfattar anbefalte medisinske kontrollar av gravide, samtalar med informasjon og rettleiing etter foreldra sine behov, individuelt eller i grupper. Etterkontroll etter fødsel. Det vert haldt foreldreførebuande kurs og tilbud om heimebesøk etter fødsel. 
  

Jordmor er på helsestasjonen kvar onsdag og fredag kl 10.00-18.00

Omtale av tenesta

Målgruppe er gravide kvinner og familien deira eller andre som har spørsmål omkring svangerskap, fødsel og prevensjon.
Helsestasjonen samarbeidar med fastlegar som kvinnene brukar, helsesjukepleiarane ved helsestasjonen, Fødeavdeling med poliklinikk,og evt andre instansar etter behov, til dømes sosialkontor, barnevern eller psykiatrisk poliklinikk.

Ta kontakt pr. telefon 70 03 77 50 eller møt opp på kontoret, for å gjere timeavtale

Kontaktinformasjon

Postadresse - Helsestasjonen, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Besøksadresse - Hareid helsestasjon, Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid
Tlf. 70 03 77 50 / mobiltlf. jordmor: 94842165
E-post postmottak@hareid.kommune.no

Klagemulegheit

Dersom du ikkje er nøgd med tenesta som helsestasjonen tilbyr, kan du klage til leiande helsesøster eller helse- og sosialsjefen. Dersom du meiner at du ikkje har fått fagleg forsvarleg hjelp på helsestasjonen, kan du klage til fylkeslegen.