Langtidsopphald institusjon

Langtidsopphald institusjon

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester  § 3-2, 6 c.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.
Lokal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskild tilrettelagd for heildøgnstenester.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 21: Langtidsopphald i institusjon.

Kostnad

Det er krav om vederlagsbetaling for langtidsopphald jf. Vederlagsforskrifta

Mål for tenesta

Yte pleie og omsorg til tenestemottakarar som har eit omfattande og døgnkontinuerleg hjelpebehov som ikkje kan dekkjast på forsvarleg måte i eigen heim.

Kriterier for tildeling
  • Personar med fysisk, psykisk eller sosialt funksjonstap med behov for tilsyn/omsorg heile døgnet. Tiltak og tenester i heimen skal vere prøvd og/eller vurdert, utan å gje tilfredsstillande kompensasjon for funksjonstapet før tildeling.
Praktiske opplysningar
  • Langtidsopphald i sjukeheim inneber:
    • Døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod som ikkje er tidsavgrensa
    • Regelmessig tilsyn av lege og etter behov
    • Kontakt med spesialisthelseteneste og tannhelseteneste etter behov
    • Tilbod om ergo- og fysioterapeutteneste etter behov
  • Vederlaget dekkjer kost, losji, medisinar m.m. samt helsetenester som kommunen organiserer etter helse- og omsorgstenestelova § 3-1
  • Tenester som ikkje er eit kommunalt ansvar, t.d. spesialisthelsetenesta, inkl. reise til og frå, må du betale eigenandel for
  • Langtidsopphaldet kan endrast dersom tenestemottakar si helse og funksjonsnivå endrar karakter slik at heildøgnsomsorg ikkje lenger er nødvendig
  • Romet kan møblerast i samråd med institusjonen, men skal ikkje vere til hinder for godt arbeidsmiljø for tenesteytar
  • Tenestemottakar som har rett til langtidsopphald i institusjon eller bustad med heildøgns pleie og omsorgsteneste kan bli sett på venteliste dersom det ikkje er plass (jf. forskrift om venteliste)
  • Personar som har plass på skjerma eining kan bli flytta til ein somatisk eining dersom fysisk sjukdom og behov for pleie vert dominerand
  • Dersom pårørande ønsker å ta tenestemottakar heim for kortare periode og det er behov for helsetenester i form av hjelp til personlig hygiene og medisinsk oppfølging utover det familien sjølv klare, må det utarbeidast ein avtale i god tid i førevegen
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Kostnadar/utgifter som ikkje inngår i vederlaget:

  • Telefonutgifter og avisabonnement
  • Frisør
  • Fotpleie
  • Andre velværebehandlingar
  • Klede
  • Hygieneprodukt utover det institusjonen tilbyr
  • Privat tannlege og fastlegetimar
  • Briller og høyreapparat
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer på ein respektfull måte overfor tenestemottakar og pårørande
  • Gi hjelp til eigenomsorg i samsvar med tenestemottakar sine eigne ressursar samt legg til rette for å oppnå optimalt funksjonsnivå
Forventningar til tenestemottakar
  • Gi nødvendige opplysningar i samband med vederlagsberekning
  • Tenestemottakar, pårørande eller verje meldar flytting til folkeregisteret, posten m.m.
  • Tek ansvar for personlege verdisaker
  • Private eigendelar er ikkje forsikra av kommunen
  • Sørger for å merke private klede med namn
  • Utfører sjølv det han/ho meistrar
  • Pårørande skal som hovudregel følge til tannlege, undersøkingar, kontrollar mm.
  • Tenestemottakar og pårørande forstår at vedtaket kan bli endra ved betring av funksjon, og der behov for heildøgns pleie og omsorg ikkje lenger er tilstade
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.

Kontakt

Marte Djupvik Bjåstad
fagkoordinator
E-post
Telefon 70 03 75 38
Synnøve Nystøyl
einingsleiar
E-post
Mobil 91 14 89 45
Ida Hareide
sjukepleiar/fagkoordinator
E-post
Mobil 95 89 12 82
Monica Småge Skeide
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 20
Mobil 95 89 12 80
Perdis Holstad
einingsleiar
E-post
Mobil 95 89 12 81