Positiv hurtigtest? Registrere sjølv? Ta laboratorietest?
Oppdatert 26. januar 2023.
Hald deg heime om du er sjuk, men det er ingen reglar for karantene eller isolasjon.
Du treng i utgangspunktet ikkje teste deg om du får symptom på luftvegsinfeksjon om du ikkje er i risikogruppene.
Er du i risikogruppe og får positiv hurtigtest bør du ta kontakt med fastlege slik at hen kan gjere ei heilheitsvurdering med tanke på alder, sjukdom, vaksinehistorikk og andre risikofaktorer for å vurdere om det er aktuelt å behandle med paxlovid.
Det er ikkje naudsynt å registrere positive hurtigtestar.
Frå 1. juli er ikkje kommunane forplikta til å tilby laboratorietest (PCR) for å sikre grønt koronasertifikat. Hareid kommune vil derfor ikkje tilby slike testar frå den datoen. Dersom du treng koronatest for å få grønt sertifikat, må du ordne og betale dette sjølv.