Eg har fastlege i annan kommune. Kva gjer eg?
I starten av vaksinasjonsprosessen er det dei eldste som skal få vaksine. Når vi kjem ned til aldersgruppene under 75 år, skal også personar med særskilde diagnoser i aldersgruppa 18-64 år få vaksine.
Hareid kommune har oversikt over alderen til alle dei busette i kommunen. Det er derfor enkelt å kalle inn desse til vaksinering. Når det gjeld personar med diagnose, er det fastlegene som har ansvar for å følgje opp sine pasientar. Dei kan søke opp etter pasientar med spesifikke diagnosar i sine journalar. Kommunen vil då få melding om desse personane slik at dei kan få tilbod om vaksine.
Men kva om du har fastlege i annan kommune enn der du er busett? Akkurat no (per 8. januar) er det ikkje heilt klart korleis informasjonsflyten vil bli i desse tilfella eller om det er bustadkommune eller fastlege som skal vaksinere. Folkehelseinstituttet er informert om problemstillinga og er bede om å kome med sentrale råd.
Det er framleis fleire veker til det blir aktuelt å vaksinere risikogruppene sidan alle over 75 år skal få tilbod fyrst. Alle skal uansett vere trygge på at dei skal få tilbod om vaksine når det blir deira tur, anten det er på grunn av alder eller diagnose.
Vi oppdaterer dette spørsmålet når råda frå Folkehelseinstituttet er klare.