Korona - sjukeheim/dagsentera/Hjellebakken/heimetenester

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen på helse- og omsorgstenestene våre.

Klikk for stort bilete 

Sjå også vår koronaportal for informasjon om dei andre tenestene våre.

Generelt om besøk ved alle institusjonar

Vi ønsker å skåne brukarane våre sidan dei er i risikogruppene for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset. Vi er også opptatt av å beskytte helsepersonellet vårt fordi desse vil vere heilt naudsynte for å handtere den pågåande krisa.

Vi ber dei som ønsker å besøke institusjonane om å følgje dei nasjonale retningslinjene for besøk på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar. Her kan du lese meir om rutinene for besøk.

Vi ber særskilt om at personar som har vore i utlandet, ventar i ti dagar før dei besøker institusjonar eller omsorgsbustader.

Lege/Legevakt

Sjå her for meir informasjon.

Sjukeheimen

Hareid kommune har opna for besøk på sjukeheimen. Desse skal avtalast på førehand. Les meir her.

Ta kontakt via følgande telefonnummer for å avtale besøk og eventuelt vidareformidling av gåver:

Korttidseining

700 37 522

Bueining

700 37 533

Skjerma eining

700 37 539

 

Det er kjøpt inn nettbrett til institusjonane som bebuarar og pårørande kan sjå og snakka gjennom.

Heimeteneste

Brukarane av heimeteneste, og deira pårørande, må no bu seg på at vi ikkje vil kunne levere den same standarden på tenestene våre. Vi må prioritere kvar vi nyttar helsepersonellet vårt. Eksempel på reduksjon kan vere praktisk bistand i heimen eller hjelp til personlig hygiene – utover minstestandard. Det vil bli gjort individuelle vurderingar.

Dersom ein brukar av heimeteneste får symptom på luftvegsinfeksjon må vedkomande ta kontakt med vakttelefonen til heimetenesta snarast på 915 66 732 for å avklare vidare oppfølging.

Tekniske hjelpemiddel

Vi tar ikkje imot tekniske hjelpemiddel frå heimane på grunn av fare for smitte.

Les meir om handtering av hjelpemiddel.

Hadartun omsorgsbustader

Hareid kommune har innført besøksrestriksjonar ved omsorgsbustadene på Hadartun. Vi ønsker at pårørande held besøka på eit minimum, då leigetakarane er i risikogruppa for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset. Det er ikkje tillatt å nytte fellesareal i samband med besøka. Besøkande må nytte inngang i tilknyting til leilegheitene og ikkje hovudinngang til Hardartun.

Vi ber om at personar som har vore i utlandet ventar i ti dagar med besøk.

Kjøken/matombering

For å sikre matproduksjon er et berre tilsette som har tilgang til  kjøkkenet og matsal.

Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustader Hadartun vil få servert/utlevert mat på avdeling eller i leilegheitene på Hadartun.

Matombering til eksterne heimar som vanleg, men den som leverer maten vil ikkje kome inn i bustadane.

Kjøkkenet kan kontaktast på 907 00 825 (kl 09-15.00)

Hjellebakken omsorgsbustader/avlastningsleilegheiter

Hareid kommune har innført besøksrestriksjonar ved Hjellebakken. Vi ønsker at pårørande held besøka på eit minimum, då leigetakarane er i risikogruppa for å utvikle alvorleg sjukdom av koronaviruset. Det er ikkje tillatt å nytte fellesareal i samband med besøka. Vi ber om at personar som har vore i utlandet ventar i ti dagar med besøk.

Støttekontakt

Alle støttekontakter og mottakarar har fått informasjon om at det er midlertidig stopp i denne tenesta på grunn av covid-19 og forebyggande smitteverntiltak.

Dagsenter for eldre

Frå onsdag 06.05.2020 vil det bli gradvis oppstart av dagsenter for eldre heimebuande. Tilbodet er tilpassa dei gjeldande nasjonale smitteverntiltaka.

Nødvendige prioriteringar må gjerast for at vi kan gjennomføre dette tilbodet, og den enkelte brukar av tenesten vil bli kontakta for nærare informasjon.

Det blir grupper på inntil fem personar per dag. Den enkelte vil som før bli henta med bil frå dagsenteret, men no med berre to brukere  per biltur.

For å kunne tilpasse eit midlertidig tilbod med små grupper, vil dagsentertilbodet ikkje nødvendigvis skje på den faste vekedagen ein tidlegare hadde.

Dagsenter fellesskapet psykisk helse

Dagsenter for fellesskapet psykisk helse er stengt.

Det vil bli oppretta kontakttelefon for brukarar.

Helsestasjon

Hareid helsestasjon har flytta til Teigevegen 55 (parker ved Hareid legesenter). Les meir her.

Følg helsestasjonen på deira Facebook-side for oppdateringar.

Sjå også helsestasjonsportalen til Hareid kommune. Her er det mykje nyttig informasjon for deg som er foreldre.

Tenesta går no som normalt, med smitteverntiltak:

  • Ingen drop-in teneste, alt må avtalast på førehand. 
  • Det bør ikkje takast med søsken på konsultasjonar. Unntak er om foreldre ikkje kan kome utan å ta med søsken, og dei må være friske.
  • Heimebesøk vert utført av jordmor og helsesjukepleiar.
  • Tilbod om grupper og kurs er redusert inntil vidare på grunn av mangel på eigna lokaler.
  • Alle får no time til barnekontroll etter gjeldande retningslinjer.
  • Gravide kan ta med seg partner på svangerskapskontrollane.

Helsesjukepleiarane i skulehelsetenesta er tilstades på skulen som normalt, og kan også kontaktast på mobiltelefon:

  • Hareid ungdomsskule: Siri Berntsen, tlf. 95467841
  • Hareid og Brandal skule: Wenche Relling, tlf. 47507791
  • Hjørungavåg og Bigset skule: Vibeke Brune Slettebakk, tlf. 48208672

Helsestasjon for ungdom ope måndagar frå kl 14.30 – 16.30. Det er drop-in, timebestilling er ikkje naudsynt.