OmsorgsstønadDenne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Lovgrunnlag Lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 3-6. Lov om pasient- og brukerettigheter § 2-1 a. Rett til klage Lov om pasient- og brukerettigheter § 7-2 IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 11: Omsorgsstønad. Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling. Mål for tenesta Omsorgsstønad er eit pårørandestøttetiltak som skal bidra til gode rammer for privat omsorg og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet Omsorgsstønad er meint å gje ein økonomisk verdsetjing for det omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjer, og kan gis i kombinasjon med eller i staden for andre helse- og omsorgstenester Kriterier for tildeling Vilkåra er at: Omsorgsarbeidet er nødvendig Det nødvendige omsorgsarbeidet er vurdert til å vere «særleg tyngande» Både omsorgsmottakar og omsorgsytar ønsker at omsorgsarbeidet skal halde fram Moment som vert tatt omsyn i vurderinga om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande: Omfanget av arbeidet Fysisk og/eller psykisk belastning Varigheit, fordeling over tid og når på døgnet Omsorgsytar si livs-, arbeids- og familiesituasjon Omsorgsplikt Inntektstap (gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad) For at omsorgsstønad skal tildelast, må både kommunen og den som har behov for tenestene vurdere omsorgsytar si omsorgsevne som mest tenleg og nødvendig Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV Omsorgsstønad må vurderast opp mot andre tenester og tiltak Praktiske opplysningar Både omsorgsytar og omsorgsmottakar kan søke på tenesta Omsorgsstønad vert gitt for ei avgrensa tidsperiode og vert revurdert ved behov/endra omsorgssituasjon Omsorgsstønaden tek ikkje sikte på å godtgjere den som yt omsorg time for time, men er ein kompensasjon for meirarbeidet som vert gjort Omsorgsstønad er skattepliktig inntekt Timesats for omsorgsstønad er lik begynnarløn for assistentar, jf. HSU-sak 0012/01 Avtale om omsorgsstønad gjev ikkje rett til feriepengar eller løn under sjukdom Hjelpestønad frå NAV og andre tiltak kjem i fråtrekk ved utmåling av omsorgsstønad Kommunen kan etter motteke søknad på omsorgsstønad krevje at omsorgsmottakar søker om hjelpestønad frå NAV før søknaden vert handsama Omsorgsstønaden vert stoppa og det vert sendt skriftleg varsel når behovet til omsorgsmottakar fell bort Forventningar til tenesteytar Vedtak og avtale om omsorgsstønad vert revurdert innan fristen som er satt for dette. Forventningar til tenestemottakar Gi nødvendig informasjon samt samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og tildeling av teneste Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket Pliktar å melde frå til einingsleiar eller sakshandsamar dersom: Omsorgsytar oppheld seg i institusjon med heildøgns omsorg eller sjukehus i meir enn to veker. Omsorgsstønaden vert då mellombels stoppa Det oppstår endringar i omsorgsarbeidet som ligg til grunn for tildelt omsorgsstønad Situasjonen til omsorgsytar endrar seg og det oppstår endringar som medfører avbrot i omsorgsarbeidet Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon Publisert av Helga Bøe Sist endra 21.02.2022 13:45