Kven kan få avlasting?
Avlastning i institusjon: Vert gitt til pasienten for å avlaste nære pårørande, i hovudsak ektefelle, som har langvarig og særleg tyngande omsorgsoppgåve. Tenesta er eit tilbod om heildøgns helse- og omsorgstenester ved Hareid sjukeheim. Søknad er naudsynt.
Søknadsskjema finn du her: https://skjema.ssikt.no/Hareid/skjema/HAR034/Sknad_om_helse_og_omsorgsteneste
Kryss av for sjukeheim - avlastning
Avlasting utanfor institusjon: Vert gitt til pasienten for å avlaste nære pårørande, i hovudsak ektefelle, som har langvarig og særleg tyngande omsorgsoppgåve. Tenesta vert gitt i leiligheit ved Hadartun disponert til kortare opphald der det i kvart enkelt høve er vurdert at pasienten ikkje har behov for heildøgns helse- og omsorgstenester i institusjon. Det er heimetenestene som har ansvar for å gje naudsynte tenester. Søknad er ikkje naudsynt
Kva kostar tenesta?
Sjølve tenesta/opphaldet er gratis, men pasienten må sjølv halde medisin eventuelt forbruksmateriell og sjølv betale for eventuelle legekonsultasjonar i samband med opphaldet. Oppfølging av sjukeheimslege inngår ikkje i tenesta avlastning i institusjon
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande behandla og følger forvaltningsloven sine krav til sakshandsaming. Søknader på avlastning i institusjon vert vurdert i tverrfagleg ressursmøte. Du får skriftleg melding om vedtak etter at sakshandsamar har nok opplysningar i saka til å fatte eit vedtak. Hjelpa kan og vert satt i gong omgåande dersom behovet for hjelp er akutt.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.
Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.
Lovgrunnlag
Rett til avlastning er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2 fyrste ledd nr. 6 bokstav c. Og Pasient- og brukarrettighetslova §2-1a og Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie.