Avlasting

Avlasting

Avlasting i institusjon er ei tenesta knytt til pårørande med langvarige og særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Målet er at pasienten får høve til å bu lengst mogleg i sin eigen heim ved at omsorgspersonen i periodar for kvile seg ut ved hjelp av avlastningstilbod til den pleietrengande

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6 d. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 8: Avlasting i institusjon

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta

Å avlaste personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid slik at den omsorgstrengande kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Kriterier for tildeling
  • At pårørande har eit særleg tyngande omsorgsarbeid
  • At omsorgsbehovet er av ein slik art at det gjev avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie/fritid for omsorgsytaren
  • Den omsorgstrengande kan ikkje vere åleine heile eller delar av døgnet
  • Omsorgsbehovet må vere omfattande og av fysisk, psykisk eller sosial karakter
Praktiske opplysningar
  • Avlastinga er tidsavgrensa
  • Den som skal på avlastingsopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin/multidose, tekniske hjelpemiddel og medisinsk forbruksmateriell
  • Omfang og innhald av tenesta vert individuelt tilpassa etter avtale med tenestemottakar. Kommunen har høve til å avgrense tilbodet etter faglege vurderingar
  • Tenestemottakar er ansvarleg for transport til/frå avlastingsopphaldet
  • Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå avlastingsopphaldet kan det bestillast transport via Pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille
  • Tenestemottakar må sjølv betale for aktivitetar som ikkje skjer i regi av institusjonen
Tenesta inkluderer ikkje
  • Utgreiing, behandling eller rehabilitering
  • Oppfølging frå sjukeheimslege. Ved behov for lege må fastlege eller legevakt nyttast og betalast av tenestemottakar
  • Vask av private kle
  • Medisin og anna medisinsk forbruksmateriell
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer på ein respektfull måte
  • Legg til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar
Forventningar til tenestemottakar
  • Har med seg nødvendige medisinar og forbruksmateriell
  • Opptrer på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar
  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Utfører sjølv det han/ho meistrar av daglege aktivitetar
  • Sørgjer for at private klede er merka med namn
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.

Kontakt

Synnøve Nystøyl
einingsleiar
E-post
Mobil 91 14 89 45
Monica Småge Skeide
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 20
Mobil 95 89 12 80