Døgnopphald - øyeblikkeleg hjelp

Døgnopphald, øyeblikkeleg hjelp er eit opphald som er tenkt å skulle erstattar innlegging på sjukehus og dermed spare pasient og pårørande for den belastninga det medfører

Kven kan få tilbod om plass?

Pasientar som etter konsultasjon hjå lege er vurdert til å har eit hjelpebehov utover det som er forsvarleg å gje i heimen, men samstundes er så avklara at dei ikkje har behov for sjukehusinnlegging. Hareid sjukeheim, korttidseininga, har ein sengeplass til dette formålet

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis og kan innvilgast i inntil 72 timar (3 døgn). Dersom det er behov for vidare medisinsk oppfølging i sjukeheim, vert vedtaket omgjort til eit korttidsopphald med betaling etter gjeldande døgnsats

Korleis søke om tenesta?

Det er berre lege som etter å ha vurdert pasienten kan legge inn på akutt døgnopphald, og du kan difor ikkje søke om denne tenesta

Når kan du vente svar?

Sjukeheimen har plikt til å ta imot pasient som øyeblikkeleg hjelp heile døgnet. Lege tek kontakt per telefon for å høyre om plassen er ledig, og innlegging skjer då omgåande

Kontakt

Monica Småge Skeide
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 20
Mobil 958 91 280
Perdis Holstad
sjukepleiar/koordinator
E-post
Mobil 909 64 007