Kven kan få tilbod om korttidsplass?
Pasientar frå sjukehus eller heim som treng opphald for rehabilitering, utgreiing eller behandling, samt pasientar som treng lindring ved livets slutt.
Kva kostar tenesta?
|
Tilbod
|
Betalingssats per dag/døgn
|
Korttidsopphald i institusjon
|
Kr. 165
|
|
|
Ved korttidsopphald over 60 døgn i eit kalenderår vert betaling for opphaldet rekna ut etter reglar om eigenbetaling for langtidsopphald. Fribeløp kr. 8400,-. Kommunalsjef kan i særskilte høve gjere unntak frå betalingsreglane.
Korleis søkjer du?
Søknadsskjema finn du her: Kryss av for Sjukeheim-korttidsdopphald. Dokumentasjon frå lege, sjukehus eller andre instansar skal leggjast ved søknaden. I mange tilfeller kan det og vere sjukehus som søker om korttidsopphald på dine vegne i samband med sjukehusopphaldet
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande behandla i tverrfagleg ressursmøte som finn stad kvar tysdag og vert handsama etter Forvaltningsloven sine reglar. Du får skriftleg melding om vedtak.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.
Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.
Lovgrunnlag
Rett til opphald er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, kommunens ansvar for helse- og omsorgstjeneter og §3-2 a, kommunens ansvar for tilbud om opphold i sykehjem eller tilsvarende bolig særskilt tilrettelagt for heldøgns tjenester samt Pasient- og brukarrettighetslova §2-1e, rett til opphold i sykehjem eller tilsvarende bolig særskilt tilrettelagt for heldøgns tjenster.