Kva er eit langtidsopphald?
Langtidsopphald er ein fast plass - eit butilbod utan tidsavgrensing. Opphaldet kan verte gitt ved korttidseininga, bueininga (somatisk eining) eller skjerma eining.
Kven kan få tilbod om langtidsplass?
Personar med døgnkontinuerleg behov for pleie og omsorg der det er vurdert at dette er det einaste tilbodet som gjev forsvarlege helsetenester
Kva kostar tenesta?
Prisen for ein langtidsplass vert reikna ut frå din grunnpensjon frå Folketrygda, sjå nærmare bereikning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.
Korleis søkje om langtidsopphald?
https://skjema.ssikt.no/Hareid/skjema/HAR034/Sknad_om_helse_og_omsorgsteneste
Kryss av for sjukeheim - langtidsplass
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande behandla av eit tiltaksteam som har møte kvar torsdag og følg Forvaltningsloven sine reglar. Du får skriftleg melding om vedtak.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.
Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.