Viktig informasjon om omstillinga på sjukeheimen til brukarar, pårørande og tilsette

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Av Helga Bøe, konstituert kommunalsjef i sektor for velferd

Dei folkevalde har bestemt at vi må spare og sjå på om det er mogleg å gjere om 16 plassar frå institusjon til bukollektiv og legge ned 8 institusjonsplassar.

Dei vedtok dette i desember og skal få ei utgreiing på dette til dei politiske møta i februar, med vedtak i kommunestyret 25. februar.

Som konstituert kommunalsjef har eg fått eit stort ansvar då dette vil påverke tilsette, tenestemottakarar og pårørande. Korleis det vil påverke oss handlar om korleis vi som organisasjon handterer prosessen og korleis dei tilsette klarer å stå i situasjonen. Den kan nok for mange kjennast utrygg.

 


Informasjon til brukarar og pårørande

Målet er å gi best mogleg teneste tilpassa tenestemottakar sitt behov og rett og ei justering av teneste frå institusjon til heimbaserte teneste. Det betyr ikkje at dei som har behov for eit høgare tenestenivå ikkje vil få dette. Vi vil vurdere kvar enkelt søknad individuelt.

For å få til dette, må vi framover legge vekt på rehabilitering og vedlikehald av brukarane si helse. Behovet til tenestemottakar må vere i fokus og vi må førebygge ved å oppsøke eldre for å vite noko om behovet som er og kjem i kommunen. Vi må bruke velferdsteknologi i større grad enn vi har gjort til no. Kanskje må vi vurdere utbygging av dagtilbod og liknande. Alt dette skal omsorgsplanen vår sei noko om. Den skal reviderast no.

Det er i dag vanskeleg å sei kva dette vil bety for dei som får teneste av oss, men alle vil få tenestene dei har krav på. Det vi kan seie er at Hareid kommune har fokus på dei og livsituasjonen deira. Vi forstår at mange no kan vere både usikre, utrygge og frustrerte, men vi ber dei om å vere trygge på at kommunen vil vere der dei.

Eit tiltak ein periode kan vere inntaksstopp og kanskje må tenestemottakarane flytte til ei anna eining.

Vi vil ta vare på kvar og ein og informere om framdrift etter vedtak i kommunestyre 25. februar. Her må vi finne gode løysingar, det kan til dømes vere puljevis informasjonsmøter eller informasjon via nettløysingar eller begge deler. Kommunen vil involvere pårørandeforeininga i prosessen framover.

Informasjon til tilsette

Det er svært viktig for meg – og eg veit at det også er svært viktig for dei andre leiarane - at alle tilsette føler seg sett og verdifull i den oppgåva dei er sette til å gjere.

Tidleg informasjon og involvering er viktig for at vi skal få til ei vellukka omorganisering.

Vi kan ikkje love at det ikkje vert oppseiingar, her må vi vente på vedtak i kommunestyret 25. februar før vi kan seie noko meir. Det vi kan love, er at vi vil prøve å unngå dette. Vi vil prøve å finne gode løysingar for den enkelte tilsette ut i frå det dei ønsker.

Alternativ kan vere at dei ein periode går i vakante stillingar eller vert omplassert til anna eining i sektoren inntil permanent løysing er på plass. Parallelt jobbar vi også med å få på plass eit bemanningsteam, så plassering der kan også vere ei løysing. (Dette skal også politikarane handsame.)

Tilsette i Hareid kommune er viktige ressursar. Når ting skjer raskt og utan at vi veit kvifor eller kva som skal skje vil alle føle på ei usikkerheit. Det er ein følelse som ikkje er god. Vi vil jobbe for og prøve å ta vare på kvar og ein av dei.

Når vedtak er gjort i kommunestyret 25. februar vil alle tilsette verte kalla inn til informasjonsmøte (puljevis). Vi vil også leggje opp til samtale éin til éin for dei som ønsker det.

Vi er ein stor sektor i kommunen og saman skal vi få til dette når vi går i lag.

Med helsing

Helga Bøe, konstituert kommunalsjef for velferdssektoren