Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren.

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velværeteknologi
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie

På Direktoratet for e-helse sine nettsider finn du meir informasjon.

Føremålet

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukaren, pårørande og omsorgspersonell. Tenesta skal mogleggjere at fleire eldre kan bu heime lenger, den skal styrke meistring i kvardagen og bidra til at brukaren kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Velferdsteknologi vil gi betre behandling og oppfølging av personar med kroniske sjukdomar, samt ei betre utnytting, auke i kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene.

Kva kan vi tilby?

Hareid kommune er gjennom Sjustjerna med i eit nasjonalt velferdsteknoloigprogram der målet er at velferdsteknologi skal vere ein del av dei ordinære tenestene innan 2020. Prosjektleiar er Hildegunn Utgård.
Informasjon om velferdsteknologi og teneste vi tilbyr.

Kven kan få tilbodet?

Søkjarar som har eit behov for teknologiske hjelpemiddel kan søkje på lik linje med andre hjelpetenester. Målet er at dette skal kome opp som eit naturleg val/ moglegheit når det blir søkt om tenester. Du som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før. Du som ynskjer å vere aktiv og bu heime. Du som er motivert til å klare deg sjølv.

Kva kostar det?

Dersom dette er nødvendig helsehjelp så er tilbodet gratis. Andre tiltak kan innebere kostnadar for brukaren.

Korleis søke?

Du kan søke på skjema for helse- og omsorgsteneste eller ta kontakt med oss for avklaring.

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla av vedtaksteam som har møte anna kvar torsdag. Du får skriftleg melding om vedtak. Vedtaket er tidsavgrensa.

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker. Skriftleg klage kan sendast til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. Her finn du meir informasjon om klage.

Kontakt

Hanne Marte Sukka
Einingsleiar
E-post
Mobil 958 91 281
Synnøve Nystøyl
konstituert einingsleiar
E-post
Mobil 911 48 945
Tommy Anzenberger
einingsleiar
E-post
Mobil 906 31 694
Christina Aasen-Helvig
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 35
Mobil 476 82 834
Sutharsini Satheeskumar
fagkoordinator
E-post
Mobil 468 01 312