Her finn du kalenderen viss du ikkje har Faceook.
Her er Facebook-sida til Det skjer i Hareid.
Sjå retningslinjer nedst i artikkelen.
MERK: Vi vil fjerne arrangement dersom vi oppdagar at dei ikkje forheld seg til gjeldande smittevernreglar.
Slik legg du inn eit arrangement på sida:
- Du må ha eit arrangement oppretta av ein Facebook-side.
- Trykk på rediger inne på arrangementet og gå ned til feltet «medarrangør». Her skriv du inn Det skjer i Hareid. Hugs å lagre! (Viss du ikkje får til å gjere endringa på telefon-app, prøv i nettlesar på datamaskin.)
- Vi vil då få eit varsel og vil gå gjennom arrangementet for godkjenning.
- Når arrangementet er akseptert av oss, vil det dukke opp i samlekalenderen til Det skjer i Hareid.
- Det er gjerne slik konsertstader eller kulturhus gjer med arrangement – både artist og kulturhus står som arrangør på Facebook-hendinga.
- På heimesida til Hareid kommune vil vi promotere kalenderen til Det skjer i Hareid.
OBS:
Du vil gi sida «Det skjer i Hareid» full tilgang til å endre/redigere ditt arrangement. Den retten vil vi sjølvsagt ikkje nytte oss av. «Det skjer i Hareid» vil berre vere skuggearrangør slik at dykkar arrangement kjem opp i vår samlekalender. Vi kjem heller ikkje til å svare på spørsmål knytt til arrangementet dykkar. Skulle eit arrangement ikkje følgje retningslinjene våre, vil vi slette arrangementet frå vår liste.
Retningslinjer for kultur- og aktivitetskalenderen «Det skjer i Hareid»
- Hendinga må i hovudsak skje innafor Hareid kommune sine grenser. Arrangement som er sæskild retta mot innbyggarane i Hareid, men som skjer i tilstøytande kommunar, kan også bli promotert..
- Hendinga må vere offentleg
- Dersom du har faste samlingar som skjer hyppigare enn ein gong i månaden, kan du kun kople fyrstkomande arrangement til kalenderen. Dette er naudsynt for at dei større, enkeltståande arrangementa ikkje skal hamne i skuggen.*
- Det er lov å promotere hendingar der publikum må kjøpe billett/betale inngangspenger.
- Vi vil ikkje inkludere arrangement som krev medlemsskap eller på andre måtar er ekskluderande – til dømes treningstider, foreldremøter eller dugnadar i velforeiningar og liknande.
- Reine kommersielle hendingar – til dømes sal i ein butikk – vil ikkje bli akseptert
- Det skjer i Hareid/Hareid kommune vil ikkje redigere hendinga. Vi vil heller ikkje svare på spørsmål om hendingane dykkar. Vi kan heller ikkje promotere hendinga utover det at den kjem opp i kalenderen.
- Hareid kommune har ikkje høve til å hjelpe brukarar med å lage Facebook-side og -arrangement.
- Hareid kommune vil fjerne arrangement frå sida som ikkje er i tråd med retningslinjene.
- Hareid kommune vil kunne endre desse retningslinjene viss vi meiner det er naudsynt.
*: Det er dessverre ikkje mogleg å nytte funksjonen der du kan legge inn fleire tidspunkt i Facebookhendinga. Viss du ønsker arrangementet ditt inn i Det skjer i Hareid, må du opprette eit enkeltarrangement for kvar samling.