Leige av Hareidhallen

Følgjande salar/rom kan leigast for trening og arrangement:

  • Storsalen - 60 x 20 meter inklusiv garderober
  • Mindre salar - 3 stk.

Hareidhallen vert ikkje leigd ut til private arrangement.

Korleis får du tenesta?

Vi ber om at de nyttar elektronisk søknadsskjema.

Søknaden må innehalde:

  • kva lokalitet ein ynskjer bruke, dato og tidspunkt på dagen
  • type aktivitet og ca. tal brukarar 
  • kven som søkjer. Vi føreset at større brukargrupper samordnar søknaden t.d. idrettslag og skular.

Krav om brannvakter

Generelt
Ut frå breidda og talet på rømingsvegar er Hareidhallen dimensjonert for 1000 personar. Det betyr at det er lov å ha inntil 1000 personar utan noko spesielle tiltak.

Spesielle krav
Med persontal over 1000 stk. skal det vere 2 vakter pr. rømingsveg, opp til 1200. Det er ikkje tillate å ha arrangement med fleire enn 1200 personar.

Kva kan du forvente?

Faste treningstidar gjennom heile året vert avgjort politisk av Levekårsutvalet i første møtet etter ferien.

Kva kostar det?

Leigesatsar skulebygg - Hareidhallen Dersom vaktmeister blir kalla inn av leigetakar utanom vanleg arbeidstid, må leigetakar betale ekstra for dette.
Leigesatsar skulebygg - Hareidhallen
Tilbod Leigetakarar frå Hareid Leigetakarar frå andre kommuner
1/1 hall med 2 garderobar og dusj per time 400 540
1/1 hall utan garderobar per time 250 290
2/3 hall med 2 garderobar og dusj per time 290 390
2/3 hall utan garderobar per time 170 250
1/3 hall med 1 garderobe og dusj per time 240 280
1/3 hall utan garderobe per time 135 155
1 garderobe med dusj per time 135 225
Døgnleige (meir enn 9 timar)
A. 1/1 hall med to garderobar og dusj- per døgn 3 753 4 910
1/1 hall utan garderobar og dusj 1 899 2 721
B. 2/3 hall med 2 garderobar og dusj 2 721 3 552
2/3 hall utan garderobar og dusj 1 373 1 914
C. 1/3 hall med to garderobar og dusj 1 623 2 530
1/3 hall utan garderobe 982 1 345
1 garderobe med dusj 1 035 1 375
Amfiet pr. gong 1 610


Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Søknadsfrist for faste treningstidar gjennom heile året er 1. juli. Søknader om einskildtimar vert handsama i tur og orden.

Kontakt

Sissel Nevstad
konsulent
E-post
Telefon 70 09 50 11
Mobil 948 73 010
Christine Riise Øvrelid
kulturkonsulent
E-post
Mobil 906 47 560