Kulturpris

Kulturprisen er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Det er Levekårsutvalet i Hareid som årleg deler ut kulturprisen. Prisen er på 25.000 kr. Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Hareid.

Kven kan få kulturpris?

Einskildpersonar eller gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom ei årrekkje, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet.

Kulturprisen kan ikkje bli gjeve til offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar. Personar som er tilsett av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern kan ikkje få kulturpris for dette arbeidet.

Annonsering av kulturprisen

Sektor for læring og kultur syter for å gjere prisen kjend og fastset fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Det vert annonsert både i lokalavisa og på kommunen si heimeside.

Korleis fremje kandidatar?

Framlegg til kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftlege og med grunngjeving av framlegget.

For å fremje kandidatar kan du fylle ut dette skjemaet eller sende brev til:

Hareid kommune
v/Sektor for læring og kultur
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Levekårsutvalet kan vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.

Tildeling av kulturpris

Levekårsutvalet i Hareid gjer vedtak om prisen skal utdelast, kva tid den skal utdelast, kven som skal få prisen, storleiken på prisen, og – i tilfelle deling – kor stor del kvar skal få. Den/dei som får prisen vert også tildelt ein diplom.

Det skal ikkje knytast særskilte vilkår til korleis mottakaren nyttar prisen.

Vedtaket i Levekårsutvalet blir gjort med vanleg fleirtal. Kandidatane og utfallet av røystinga mellom kandidatane i Levekårsutvalet skal ikkje offentleggjerast. Levekårsutvalet skal grunngje vedtaket for tildeling av kulturprisen.

Tidlegare vinnarar

Hareidsprisen

-kulturpris for Hareid i samarbeid med Sparebanken Møre

  • 1984 Karl I Røyset
  • 1985 Signe Bjåstad
  • 1986 Hareid kr. Ungdomslag
  • 1987 Eindride Hareide
  • 1988 Peder Måseide og Johan H Grimstad (delt)
  • 1989 Henrik Landmark
  • 1990 Hjørungavågspelet
  • 1991 Hareid Sanitetslag
  • 1992 Lidvar Grimstad
  • 1993 ………………..
  • 1994 ………………..

-kulturpris for Hareid i samarbeid med Kreditkassen/Nordea

  • 1995 Einar Elvanes
  • 1996 Solveig Engen
  • 1997 Hareid Idrettslag
  • 1998 Karen Alvestad
  • 1999 Rolf Grimstad
  • 2000 Solbjørg Pilskog
  • 2001 Marie Lovise Widnes
  • 2002 Hareidsstemna
  • 2003 Svein Smørdal
  • 2004 Musikklaget Melshorn
  • 2005 Inge Grimstad
  • 2006 Johannes Liavåg
  • 2007 Amalie Bjørndal
  • 2008 Brit Overå
  • 2009 Arne Holstad
  • 2010 Gunmar Grimstad                                                                                     
  • 2011 Grimstadkoret                                                                         
  • 2012 Tone og Jostein Nedrelid                                                                            
  • 2013 Willy Nesset                                                                                                    
  • 2014 Odd Melhus                                         
  • 2015 Vidar Vollsæter                                                                                         
  • 2016 Sverre Bjåstad

Kulturpris for Hareid i samarbeid med Sparebanken Møre

  • 2017 Hareid Historielag
  • 2018 Polarstar
  • 2019 Rasofielgarden Vonheim - Johannes Klungsøyr
  • 2020 Arild Grimstad

Kontakt

Christine Riise Øvrelid
kulturkonsulent
E-post
Mobil 906 47 560