Kulturmidlar

Her finn du informasjon om kven som kan få kulturmidlar frå Hareid kommune og korleis ein kan søkje.

Klikk for stort bilete

Kven kan søkje?

Hareid kommune kan yte tilskot til organisasjonar, institusjonar og einskilde personar som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Hareid kommune.

Organisasjonar som driv si verksemd i Møre og Romsdal, og som fell utanfor retningslinene for fylkeskommunal stønad, kan ytast tilskot under føresetnad av at dei rekrutterer eit visst tal medlemar i Hareid.

Samarbeidsorgan for lag og organisasjonar kan og søkje.


Kva tiltak kan ein søkje på?

Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt og sosialt føremål i seg og som kjem innbyggjarane i Hareid til gode, med barn og ungdom som hovudprioritet.

Følgjande tilskotsordningar gjeld:

  • Tilskot til drift
  • Oppstartstilskot
  • Tilskot til samlingshus
  • Tilskot til andre kulturføremål
  • Tilskot til kurs og opplæringsverksemd
  • Særskilte tiltak


Søknadsfrist:

1. april kvart år: Tilskot til drift, Oppstartstilskot, Tilskot til samlingshus, Tilskot til andre kulturføremål.

1. april og 1. september: Tilskot til kurs og opplæringsverksemd og særskilte tiltak.

Kontakt

Christine Riise Øvrelid
kulturkonsulent
E-post
Mobil 906 47 560