Ungdommens Kulturpris

Kulturprisen til ungdom er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Hareid.

Kven kan få kulturpris?

Einskildpersonar under 25 år, eller gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom fleire år, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet. Ungdommens kulturpris kan delast ut som ei oppmuntring for utført innsats, eller som eit stipend.

Annonsering av kulturprisen

Sektor for læring og kultur syter for å gjere prisen kjend og fastset fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Det vert annonsert både i lokalavisa og på kommunen si heimeside.

Korleis fremje kandidatar?

Framlegg til kandidatar til Ungdommens kulturpris kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftleg og med grunngjeving av framlegget. Namn på kandidatar vert ikkje gjort offentleg.

Fremjing av kandidatar kan du sende til
postmottak@hareid.kommune.no eller per brev til:
Hareid kommune
v/Sektor for læring og kultur
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Tildeling av Ungdommens kulturpris

Ei nemnd samansett av representantar frå Sparebanken Møre Hareid, ungdomsrådet og Hareid kommune gjer endeleg vedtak om tildeling av Ungdommens kulturpris. Nemnda kan gje prisen til ein av dei føreslegne kandidatane eller til ein kandidat nemnda sjølv foreslår. Ordføraren, eller den ordføraren nemner ut står for utdelinga i samband med eit høveleg arrangement og den/dei som får prisen vert også tildelt ein diplom. Det skal ikkje knytast særskilte vilkår til korleis mottakaren nyttar prisen.

Kontakt

Christine Riise Øvrelid
kulturkonsulent
E-post
Mobil 906 47 560