Ungdomsklubben

Ungdomsklubben på Hareid, er ein uformell og rusfri treffstad for ungdom. 
Klubben har tilhaldsstad i på Rådhuset i underetasjen med inngang frå nedsida.

Opningstid og aldersgrense

  • Ope for unge frå 8.klasse -18 år. 
  • Ope mandag, onsdag og torsdag klokka 14.00-17.00.
  • Klubbkveldar blir kunngjort på Facebook.

Følg Facebook-sida Ungdomsklubben - Hareid for å få med deg kva som skjer av aktivitetar og arrangement.

 

Aktivitetar

Ungdomsklubben på Hareid er ein uformell møteplass der du kan få vist fram dine talent, og også berre vere der utan krav. Her kan du møte venner og bli kjent med nye ungdomar.

Ungdomane er med å bestemme kva som skjer av aktivitetar og arrangement. Vi har hatt glowparty, limbo, turneringar i air hockey og biljard. Det er også moglegheiter for ulike brettspel og Play Station 4 med ulike spel. 

Ungdommane får tilbod om eit enkelt måltid.


Ungdomsarbeidar

Ungdomsklubben skal vere ein trygg og kjekk stad å vere, der alle blir inkludert. Vi har derfor ungdomsarbeidar i klubben, og det er alltid minimum to vaksne på jobb når ungdomsklubben er open. 

Kontakt

Melinda Skeide
kulturkonsulent
E-post
Telefon 416 65 873
Mobil 416 65 873
Renate Seljeseth Bøe
fagarbeidar
E-post