Hamn og kai

Der er 6 kommunale kaier i Hareid.

Hareid - fire kaier

  • Fiskerikaia (synste molo)
  • Almenningskaia
  • Liggekaia (nørste molo)
  • Godsterminalen

Fiskerikai og almenningskaia har straumkasser. Det må gjerast avtale med Møre Nett for å få nytte dei. Almenningskaia og liggekaia er leigt ut delar av døgnet.

Godsterminalkaia skal nyttast til lasting og lossing av gods. Kontakt Dimo v/Nils Petter Haddal tlf. 913 58 716 for avtale.

Hjørungavåg - ei kai

  • Kai (på nedsida av Total Bygg)

Kaia har straumkasse. Det må gjerast avtale med Møre Nett for å få nytte den.

Brandal - ei kai

  • Kai i sentrum

Dette er ei kan som kan nyttast av mindre båtar eller sjarkar.

Generell informasjon

Vi har djupnemålingar i eit belte forbi fronten på godsterminalkaia (ISPS) med meir nøyaktige djupner enn 7-8 m oppgitt.

Hareid kommune i fleire år har hatt eit samarbeid med Ålesundsregionens Havnevesen (ÅH), og praktisk talt har same avgiftsnivå, og forskrift og hamneregulativ som dei. Det er ogso dei som administrerer bruk av liggeplassar for båtar langs kaiene på Hareid (gjeld dei kommunale kaiene) og som sender ut krav på avgifter mm.

Godsterminalen i Hareid er ISPS ( International Ship and Port facility Security Code) godkjent med djupsvasskai (7-8 m djupte).

Det vil si at alle brukarar av hamna har plikt til å følgje dei føresegner og instruksar som til ei kvar tid gjeld for Hareid hamnevesen sine anlegg.

Hamneavgift blir krevd innanfor avgiftområdet, og gjeld for bruk av farvatnet, alle offentlege kaier og areal som er eigd av kommunen. Oppkreving og utrekning skal være i samsvar med forskrift og hamneregulativ for Hareid hamnedistrik

Kontakt

Christina Steffenssen
Einingsleiar
E-post
Telefon 70 09 50 51
Mobil 916 83 204