Hoppid.no

Har du ein idè om å starte ditt eige føretak eller har du ein knakande god idé om eit nytt produkt?

Då er det greitt å vite at Hareid kommune er med i den fylkeskommunale ordninga hoppid.no. Denne ordninga er det Møre og Romsdal Fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal samt, Innovasjon Norge som står bak.

Hoppid.no-ordninga fungerer som ei teneste for alle i Møre og Romsdal som har oppstartsplanar, og består av både rådgjeving men også tildeling av stønad for avklaring.  Du kan søke om inntil 30.000.- i avklaringsmidlar. Hareid kommune har valt å sette denne tenesta bort til ÅKP AS, som også utfører hoppid.no-tenester for fleire andre kommunar.

Robert Voldnes er seniorrådgjevar i ÅKP og er kontaktperson også for Hareid. Han finn du ved ÅKP-kontoret i Ulsteinvik. Ved å logge deg inn på Gründerplattforma til hoppid.no vil du kome i kontakt med Robert og få digital veiledning. Du kan også kontakte Robert på telefon 906 58 517 eller epost robert.voldnes@aakp.no.

Alle hendvendingar er kostnadsfrie og rettleiarar i hoppid.no har teieplikt.