Næringsfondet

Kommunale- og regionale næringsfond skal nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i kommunar som ligg innafor det distriktspolitiske verkemiddelområdet

Kva kan du forvente?

Stønadsgrunnlaget er sett til maks kr. 300.000,-eks. moms., uansett om kapitalbehovet i prosjektet er større. Det kan søkjast på inntil 50% av stønadsgrunnlaget, slik at maksimum stønadssum er kr. 150 000,- ved kapitalbehov større eller lik maksimalt stønadsgrunnlag.

Søknader med større behov for stønad, skal sendast over til Innovasjon Noreg.

Kven kan få tilskot

Næringsfondet er ikkje noko du har rett til å få. Søknad om tilskot frå næringsfondet er noko du kan få ut frå gjeldande regelverk.
Søknaden vert handsama i næring- og miljøutvalet.

Dei viktigaste endringane som er gjort i nye retningsliner for kommunalt næringsfond i Møre og Romsdal er:

  • Prioritering av distrikt og omstilling
  • Berre bedrifter og nyetablerarar kan motta støtte: Kommunalt næringsfond skal heretter berre brukast på bedriftsretta tiltak, i regi av enkeltbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter. Kommunane kan ikkje lenger bruke næringsfondet til generelle, tilretteleggande nærings- og samfunnsutviklingstiltak.
  • Måling av tal arbeidsplassar: Alle som søkjer må oppgi kor mange nye arbeidsplasser tiltaket kan skape, eller bidra til å sikre. Kommunen skal rapportere dette som ein del av årsrapporteringa.
  • Investingsstøtte kan tildelast uavhengig av sone: Det er presisert at tildeling frå næringsfondet etter EØS-regelverk for statstøtte er definert som bagatellmessig støtte. Dermed kan kommunar i sone I og II også tildele investeringsstøtte. Bedrifta har ansvar for å ikkje motta meir enn beløpsgrensa for bagatellmessig støtte.

Det vert såleis opna for at det også kan søkjast investeringsstøtte for nyetablerarar og verksemder i Hareid kommune. Vi syner elles til dei nye retningslinene for det kommunale næringsfondet.

Korleis får du tenesta?

Søknader skal sendast inn elektronisk til regionalforvaltning.no.

Hareid kommune vil påpeike at dette ikkje er eit sikkert system og at de difor ikkje bør laste opp i systemet dokumentasjon som skal unnatakast offentlegheita. Om det er viktig å ha med dette i saksbehandlinga lever dette direkte til Hareid kommune eller send via eDialog.

Kontakt

Bent Arild Grytten
rådgjevar
E-post
Telefon 70 09 50 15
Mobil 919 13 675