Ønsker å opprette næringspark

Vekst i Hareid ser på moglegheita for å opprette ein næringspark som eit kontorfellesskap for mindre bedrifter eller enkeltmannsforetak.

Pexels.com/MarcMueller  


Etter at Vekst i Hareid starta opp har vi hatt dialog med fleire aktørar som kunne tenke seg å vere ein del av eit slikt fellesskap, men det er viktig at fleire melder interesse for at vi skal kunne jobbe vidare med dette.

- Mange små aktørar saknar ofte eit miljø fordi det blir få å spele på i eiga bedrift. Dersom vi kan setje saman fleire aktørar som på eit vis også kan utfylle kvarandre hadde det vore kjempeflott for næringsutviklinga i kommunen, seier prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen.

Hareid kommune, Vekst i Hareid, landbrukskontoret og hoppid.no går inn eit samarbeid for å bidra til at fleire tek steget frå idé til kommersialisering. Vekst i Hareid har teke initiativ til å sette dette samarbeidet på dagsorden for å tydeleggjere det tilbodet som er i kommunen knytt til nyetablering av bedrifter.

I fyrste halvår skal dei mellom anna arrangere grundersamlingar for personar og verksemder som ønsker å etablere ny næring i kommunen.

Ta kontakt med prosjektleiar for Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen på epost jsa@hareid.kommune.no eller på telefon 99 38 10 06 dersom du er interessert eller har andre spørsmål.