SkjenkeløyveAlle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Løyvet kan ikkje gjevast åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Kven kan få skjenkeløyve Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve. Har du ikkje serveringsløyve så kan du søkje om servering- og skjenkeløyve i same skjema. Alle søknader vert handsama etter alkohollova med forskrifter og kommunen sin alkoholpolitiske plan. Korleis få skjenkeløyve? Styrar og avløysar: må ha bestått kunnskapsprøva ha uklanderleg vandel må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling må vere over 20 år. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet serverings- og/eller skjenkeløyve. For ambulerande skjenkeløyve eller løyve ved einskildstilfelle, sjå her. Vedlegg som må følge søknad om skjenkebevilling Firmaattest. Attestane skal ikkje vere eldre enn 2 månadar Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar Dokumenter som viser at du eig eller leiger lokalet Dokumentasjon på at grunneigar gjev løyve til uteservering Teikning av lokalet inne og ute. Salsarealet skal vere skravert eller fargelagt. Nødutgang skal merkast Aksjeselskap må sende revisorbekrefta aksjeeigarbok med eigarandelar gitt opp i prosent Opplysningar om for eksempel eigarar bak aksjeselskapet, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap For båtar: Passasjersertifikat for båtar med plass til meir enn 12 passasjerar, nasjonalitetsbevis Kommunen kan i enkelte saker be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Når kan du forvente svar? Ordinære skjenkeløyve skal handsamast i Kommunestyret. Når du har levert søknad og dokumentasjonen som skal til, vil du få eit førebels svar. Der vil det stå når du kan forvente svar i saka. Sakshandsamar sender søknaden til uttale hjå politi, skatteetaten og NAV sosial. Det er derfor viktig at du leverer søknaden i god tid. Endringar i løyve Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring sendast til kommunen, som gjer eit nytt vedtak. Skal verksemda endre styrar eller stedfortredar må ein nytte dette skjemaet. Her kan du lese meir Konsekvensar ved brot på regelverk Alkoholpolitisk handlingsplan (PDF, 667 kB) Publisert 04.10.2018 15:35 Sist endra 11.05.2020 13:31
Ordinære skjenkeløyve skal handsamast i Kommunestyret. Når du har levert søknad og dokumentasjonen som skal til, vil du få eit førebels svar. Der vil det stå når du kan forvente svar i saka. Sakshandsamar sender søknaden til uttale hjå politi, skatteetaten og NAV sosial. Det er derfor viktig at du leverer søknaden i god tid.