Hovudopptak barnehagar 2023Har du barn og ønskjer at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten 2023 eller våren 2024? Hugs å søke innan 1. mars. For å sikre at barnet får plass ved den barnehagen du/de ønskjer, oppmodar vi om å søke innan fristen for hovudopptak, 1. mars 2023 I Hareid kommune har vi tre kommunale og ein privat barnehage les meir om dei her i tillegg til anna nyttig barnehageinformasjon. På grunn av tekniske problem, må alle nytte dette skjemaet her, der de må leggje inn informasjon manuelt. Takk for tolmodet. Barn som er fødde til og med november 2022 har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år. Barnet vert tildelt plass og det vert kravd betaling frå den dagen barnet tar til i barnehagen. For barn med plass i barnehage kan det søkast om: endring av type plass overflytting til annan barnehage Her kan du lese meir om barnehagane i Hareid Søknadsfrist hovudopptak: 1. mars 2023 Her kan du lese meir om barnehagane: Hareid barnehage Syverplassen barnehage Bigset barnehage Norlandia Holstad (privat)