Støttande team i Hareid kommune

Støttande team i Hareid kommune

Vi vil gje alle tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.
 

Bilete av to kvinner. - Klikk for stort bileteCecilie Valland og Torill Oda Ringstad jobbar i støttande team i Hareid kommune. Hareid kommune

 

Hareid kommune har oppretta støttande team som ein del av kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis for barnehagane og skulane i Hareid. Målet med kompetanseløftet er at alle barn og elevar skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Støttande team arbeidar tverrfagleg og har kompetanse innan pedagogisk arbeid, sosialt arbeid, psykisk helse og spesialpedagogikk.

Målet for støttande team er å samarbeide med dei som kjenner barnet best. Arbeidet skal vere førebyggande gjennom å sjå heile barnet. Alle barn skal få oppleve tryggheit og positiv utvikling, og då er det viktig å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage, skule og heim. Støttande team er eit lågterskeltilbod. Både barnehage, skule og heim kan ta kontakt med oss.

Du kan kontakte støttande team på e-post: